nyhende
Nye rundar om berekraft
I fjor haust blei det gjennomført fem diskusjonskveldar på biblioteket i Sveio om framtidstru og eit enklare liv. No blir dette følgd opp av nye møte med meir praktisk tilnærming.
Det er Ellen Urheim Tveit som opplyser dette i ei pressemelding til Vestavind. Ho representerer Miljøpartiet Dei Grøne, som saman med Sveio SV, Sveio Venstre, Sveio bonde- og småbrukarlag, BIEN Haugalandet og Naturvernforbundet på Haugalandet sto bak diskusjonskveldane i samarbeid med Sveio folkebibliotek.
Korleis kan me leva gode liv med mindre bruk av ressursar? Dette var eitt av hovudspørsmåla i haust. På første samling no på nyåret vil temaet vera korleis ein kan gjera lokalsamfunna i Sveio meir berekraftige. Vidare utover våren blir det mellom anna reparasjonsverkstad, temakveld om status for naturmangfaldet i Sveio og tur ut i felten for å sjå. kva som finst av naturtypar og artar.
Opplegget for samlingane er utarbeidd lokalt. Klima- og naturkrisa og FN sine berekraftmål ligg til grunn for diskusjonane, fortel Tveit.