nyhende
Nye lønnstal: Desse yrka tente mest
I fjor fekk personar i jobbane med høgast lønn også høgast lønnsvekst. Handels- og skipsmeklarar tente mest.
Jobbane med høgast lønn hadde størst lønnsvekst frå november 2024 til 2025, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det bidrog til større lønnsulikskap og større lønnsgap mellom kvinner og menn.
I same periode auka gjennomsnittleg månadslønn med 4,5 prosent, eller 2.700 kroner. Gjennomsnittleg månadslønn per heiltidsekvivalent i november 2025 var altså 62.070 kroner.
Auka lønnsulikskap og lønnsgap
Jobbane med lågast lønn hadde svakast lønnsvekst frå november 2024 til november 2025, og dermed har lønnsulikskapen auka, skriv SSB.
– Jobbar med høg lønn har hatt størst auke i månadslønna i 2025, og lønnsulikskapen stig igjen, etter fleire år med lite endring, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.
For dei 10 prosentane høgast lønte jobbane auka månadslønna med 5,1 prosent, medan for dei 10 prosentane lågaste lønte jobbane auka månadslønna i snitt 4,1 prosent.
Menn hadde ein lønnsvekst på 4,7 prosent mellom november 2024 og 2025, medan månadslønna til kvinner voks med 4,4 prosent i same periode. Lønnsgapet mellom menn og kvinner har derfor også auka.
Årslønna er førebels målt til å ha auka med 5,0 prosent i 2025, samtidig som konsumprisindeksen hadde ein vekst på 3,1 prosent. Det gir ein førebels reallønnsvekst på 1,9 prosent i 2025, skriv SSB. Årslønna voks altså meir enn månadslønna.
Bonusar forklarer auke
SSB skriv at høgare vekst i bonusar i høgtlønte næringar kan forklare ein del av veksten i månadslønn.
– Dei 10 prosent høgaste lønte auka sin del av bonusane og hadde høgast lønnsvekst i 2025. Dermed drog dei høgtlønte ytterlegare frå resten av jobbane, og lønnsforskjellane vart større, seier Køber.
Lågast vekst i helse
Næringsområdet helse- og sosialtenester hadde den lågaste månadslønnsveksten: 3,4 prosent. Det er næringsområdet med flest jobbar. SSB skriv at den låge veksten til dels kan forklarast av mange ledige stillingar og at det blir tilsett mange unge i næringa.
Den gjennomsnittlege månadslønna til sjukepleiarar gjekk frå 56.710 kroner i 2024 til 58.290 kroner i 2025, altså ei endring på 2,7 prosent.
Administrerande direktør hadde ei endring på 5,7 prosent i lønnsvekst, og gjekk frå 102.610 kroner i gjennomsnittleg månadslønn i 2024 til 108.510 kroner i 2024.
Lønnsvekst godt over frontfagsramma
Den førebelse årslønnsveksten i fjor er på 5,0 prosent. Frontfagsramma var rekna til 4,4 prosent, skriv Unio i ei pressemelding.
– Dagens SSB-tal for lønnsveksten i fjor viser at ein ikkje kan vedta kva lønnsveksten blir i samfunnet, seier Unio-leiar Steffen Handal.
– Den gode nyheita er at dagens tal frå Statistisk sentralbyrå tyder på at norske lønnstakarar totalt sett har hatt god lønnsutvikling i fjor, seier han vidare.
Unio skriv at tala frå SSB tyder på at mange arbeidsgivarar gjer det som er nødvendig for å løyse dei utfordringane verksemdene deira står i, anten det er å rekruttere fleire kompetente tilsette, eller å behalde kvalifiserte tilsette.
– I ein pressa arbeidsmarknad må fleire arbeidsgivarar gjere det dei kan for å få tak i dei kloke hovuda. Statistikken tyder på at arbeidsgivarar går ut over frontfagsramma for å få tak i tilsette. Også arbeidsgivarar i offentleg sektor må merke dette, seier Handal.
Dei fem yrka som tente mest
Dei fem best betalte yrka i 2025 var ifølgje SSB (gjennomsnittleg månadslønn):
1. Handels- og skipsmeklarar med 172.630 kroner.
2. Leiarar av olje- og gassutvinning osb. med 132.900 kroner.
3. Leiarar av forsikring og finansverksemd med 126.920 kroner.
4. Toppleiarar i offentleg administrasjon med 123.580 kroner.
5. Finans- og økonomisjefar med 119.060 kroner.