nyhende

Forslag til korleis brua langs E39 over Bjørnafjorden i Hordaland kan bli sjåande ut. ILLUSTRASJON: AMC / STATENS VEGVESEN
Forslag til korleis brua langs E39 over Bjørnafjorden i Hordaland kan bli sjåande ut. ILLUSTRASJON: AMC / STATENS VEGVESEN

Nye klimautrekningar kan stoppe Hordfast

Den samfunnsøkonomiske nytten av ei utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen kan bli negativ, viser nye utrekningar som tek omsyn til klimamåla.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen hadde Hordfast på E39 på topp i prioriteringslista si for nye vegprosjekt i 12-årsperioden 2025–2036, som vart lagt fram før påske. Den 56 kilometer lange motorvegen med prislapp på 46 milliardar kroner inkluderer bru mellom Stord og Tysnes og over Bjørnafjorden. Då lista vart lagt fram, vart dette prosjektet rekna som samfunnsøkonomisk nyttig.

Men så bad Samferdsledepartementet om nye utrekningar som tek omsyn til at utsleppa frå norske vegar i 2030 skal vera 55 prosent lågare enn i 1990. Då blir reknestykket annleis.

Særleg negativt for Hordfast

— Dyrt fossilt drivstoff gjer at trafikantnytten går noko ned. Det gir redusert trafikk og dermed mindre nytte av vegprosjekta, seier Jan Fredrik Lund, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, til NRK.

Vegvesenet har rekna på nytt for 11 prosjekt, og det slår særleg negativt ut for Hordfast. Samfunnsnytten går frå 1,9 milliardar kroner i pluss, til 1,5 milliardar i minus. Årsaka er at i kalkylane for Hordfast hadde ein rekna med ei mangedobling av trafikken.

Stiller spørsmål ved utrekningane

Lund kan ikkje svare på kva dei nye utrekningane tyder for prioriteringane til Vegvesenet. Øyvind Halleraker, dagleg leiar i Hordfast AS, stiller spørsmål ved utrekningane.

— Eg meiner ein her ser heilt vekk frå den positive klimaeffekten ein får når ferjene blir tekne vekk. Å driva ei ferje gjennom vatnet er svært energikrevjande. Også om ho skal gå på straum, seier han til NRK.

Det er Stortinget som neste år skal vedta Nasjonal transportplan.

Powered by Labrador CMS