nyhende
Nye funn tydar på omfattande tjuvjakt
Den siste tida er det gjort funn som styrkjer teorien om at tjuvjakt er eit aukande problem i Sveio.
Nyleg fekk Viltforvaltninga i Sveio melding om funn av eit daudt rådyr (geit) i Auklandshamn-området som syntest å vera mistenkeleg. Dette skjedde berre få dagar etter at tjuvjegerar blei teken på fersken på Berge i Valevåg.
– Dyret var bunde med tau, og ved sida av låg ein plastsekk med tau. Etter nærare gransking viste det seg at dyret var skote gjennom kjeften, det vil seia lepper, tanngard og delar av kjeve var skotne sund. Truleg har dette vore tjuvjakt, seier viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge.
Sist veke fekk Viltnemnda også melding om slakteavfall som var dumpa under ei bru på Rød. Det viste seg å vera bein og fell etter to hjortedyr.
– Det er uvanleg at dei lovføre jegerane våre dumpar avfallet på ein slik måte. Me har også fått melding om bilar i nattemørket som har køyrt rundt om i kommunen, som etter observasjonar har verka mistenksam.
Strenge straffer
– Ut frå desse hendingane kan det sjå ut til at tjuvjakt kan vera eit problem hjå oss. All jakt og jaktutøving er basert på tillit og då er det lite kjekt å vita at det førekjem tjuvjakt. Det er streng straff for slik jakt. Ein kan etter lova om jakt og fangst, §56 bli straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år, i skjerpande tilfelle inntil to år fengsel, seier Bjørge.
Han minner om at all ikkje reglementær jakt er saker for politiet. Bjørge vil oppmoda alle som kjem over slik jakt, eller har mistanke om slikt, om ikkje å driva eiga etterforsking, men å melda frå både til politiet og viltforvaltninga.
– Grunneigar på Berge gjorde det rette og varsla politiet omgåande. Politiet reagerte kjapt og var på åstaden etter kort tid, fastslår viltansvarleg i Sveio.