nyhende
Nye fangstar for UP i Førde
I 60-sona i Førde er det alltid ein del som køyrer for fort. Så også denne måndagen då 18 blei stoppa av Utrykkingspolitiet.
Kontrollen varte frå klokka 11.45 til 15.15, og denne gongen blei det «berre» skrive ut 18 forenkla førelegg. Høgaste målte fart var 80 km/t. Prisen for det er 8.200 kroner og tre prikkar.
Det er ikkje lenger enn tre veker sidan forrige kontroll. Då blei 19 førarar stoppa. Ein av dei køyrde 32 km/t for fort og mista førarakortet. Under den kontrollen var det også snø på vegen.
– Det blei ingen førarkortbeslag denne gongen, men for mange køyrer for fort. Det går igjen i kontrollane me har i Førde. Dessverre for både dei som bur der og andre som er på vegen. Nokre av dei me stoppar bryr seg ikkje om fartsgrensa og tar sjansen. Andre føl ikkje godt nok med på skilta og er uoppmerksame, seier Idar Helland, politibetjent i UP.
– Er det flest sjåførar på gjennomfart som blir stoppa?
– Det er ein god blanding av både folk på gjennomfart og lokale, seier Helland.