nyhende
Ny utlysing av straumstøtte
Sveio skal igjen lysa ut midlar til straumstøtte for næringslivet, på same vilkår som sist.
Straumstøtta skal også gjelda for same periode, nemleg januar-september 2022. Dette blei vedtatt på kommunestyremøtet måndag.
Kommunen sette av to millionar kroner til straumstøtte i fjor. Då søknadsfristen gjekk ut 9. januar i år var det kome ni søknader. Desse søkarane fekk til saman 326.988 kroner i støtte.
Seinare har det meldt seg ein søkjar, og politikarane vil nå gi endå fleire sjanse til å få dekka noko av ekstrakostnadane sine til straum i fjor.