nyhende

Martin Sydnes har skrive seg inn i den lokale fotballhistoria med sin prestasjon måndag kveld. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Martin Sydnes har skrive seg inn i den lokale fotballhistoria med sin prestasjon måndag kveld.

Ny uavgjort for Sveio

Martin Sydnes sendte Sveio opp i leiinga like før pause, då laget møtte Djerv 1919-3 på bortebane i eit oppgjer i 6. divisjon onsdag kveld. Men på ny vart det berre eitt poeng til sveibuane.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball, menn

6. divisjon avd. 4

Djerv 1919-3 – Sveio IL 1-1 (0-1)

Djervbanen, kunstgras, 8. juni

Mål: 0-1 Martin Sydnes (40. min) 1-1 (55. min).

Gule kort: Sander Sørhaug og Mathias Vikse, Djerv 1919. Erland Katla og Petter Vikse, Sveio

Dommar: Naser Alinejad, Vard Haugesund

DJERV 1919-3 – SVEIO IL 1-1 (0-1) Igjen måtte Sveio IL sjå at poenga glapp ut av lomma i ein kamp kor dei hadde leiinga.

Martin Sydnes sikra Sveio leiinga med ei scoring nokre minuttar før pausen. Men før det var gått 10 minuttar i andre omgang, utlikna «gulgyttane». Det vart med dei to scoringane på kunstgraset på Djervbanen.

Tre uavgjorte

Laget spelte uavgjort for tredje gang på fem kampar. I alle desse poengtapa har Sveio leia kampen, men berre klart uavgjort til slutt. (3-3 borte mot Trott 2, 2-2 mot Sauda og no 1-1 bort mot Djerv 1919-3.

Etter fem serierundar står laget med berre tre poeng, og etter fleire uheldige poengtap ligg laget no nest sist på tabellen.

Heimekamp neste veke

Neste mogelegheit for årets først siger kjem onsdag neste veke. Då kjem Stegaberg 2 på besøk til det som blir årets andre heimekamp.

PS! Sveio skulle ha spelt heimekamp mot Torvastad 2 sist veke, men denne kampen vart flytta til 25. august grunna spelarmangel for gjestane.

Powered by Labrador CMS