nyhende
Ny tursti til lite kjent kulturminne
Søndag arrangerer Sveio Turlag tur frå Drange til Storestraumen langs ein heilt ny tursti som Rødspollen Vel har opparbeidd i samarbeid med grunneigarar og medlemmer av facebook-gruppa «Tursti til Storestraumen».
Arne M. Kinn er styreleiar i Rødspollen Vel. Han var initiativtakar overfor Kystverket til den restaureringa av muren – eller trekkvegen – langs Storestraumen som blei gjennomføret i 2017.
Kinn har også samla mykje informasjon om Rødspollen som ferdselsåre, om næringslivet langs pollen før i tida og ferdsla gjennom Storestraumen. Noko av denne informasjonen kjem med på informasjonstavler som Sveio kommune vil setja opp ved byrjinga og i enden av den nye turstien. Onsdag i veka som gjekk var kulturkonsulent Ellen Urheim Tveit med Arne Kinn på synfaring for å avgjerda plasseringa av desse tavlene. Velforeininga vil også setja opp ein livbøye på trekkvegen i nærleiken av informasjonstavla der ute.
Viktig før vegane kom
Kinn kallar Rødspollen «sjøvegen midt i Sveio». Storestraumen ligg ved innløpet til pollen i nord. Her kan tidevasstraumen renna ganske stri til tider og gjera det vanskeleg å koma gjennom med mindre båtar. I alle fall var dette tilfellet før tida, då robåtar var det vanlege framkomstmiddelet. Før trekkvegen blei bygt på 1890-talet og løpet samstundes blei mudra, var ferdsla ekstra vanskeleg fordi straumen rann på begge sider av Straumsholmen.
På den tida gjekk det også mykje nyttetrafikk gjennom straumen. Ved Rødspollen låg det nemleg to vassdrivne sagbruk, eitt på Drange og eitt inst i Rødsvika. I utgangspunktet var dette oppgangssager, som seinare blei omgjorde til sirkelsager. Drange-saga var den siste i drift. Den kommersielle verksemda blei avvikla tidleg på 1950-talet, men Kinn kjenner til ein som fekk skore material til hytta si så seint som i 1960. Nå står berre murane igjen etter dei to sagbruka, som leverte tømmer og trelast i meir enn 400 år. Så viktig var skogbruket og sagbruksverksemda at Kinn meiner det la grunnlaget for busetnaden på Drange og Rød.
Tømmereksport
Mykje av tømmeret og den ferdige trelasta blei transport sjøvegen, det vil seia gjennom Storestraumen. Frå 1500-talet og fram til 1800-talet blei ein god del eksportert, mest til Skottland og Shetland. Trelastskutene kom inn på Kuskithavet for å henta lasta.
Dit ut måtte trelasta bukserast på flåtar trekte av robåtar. Namn som Skottevika eller Skåtavika utanfor Storestraumen vitnar om denne handelen. Kinn kjenner også til at det skal liggja store steinhaugar på sjøbotnen utanfor som ein meiner stammar frå ballast som skutene har kvitta seg. Han fortel også om utanlandske myntar som er funne ved Rødssaga og blir sett i samanheng med trelasthandelen. Og det er noko av denne historia han ønskjer å formidla gjennom vern av trekkvegen og ved å opna området for turgåarar.
Ikkje heilt ferdig
Turstien som turlaget tar i bruk om halvanna veke er ikkje heilt ferdig, fortel Kinn. Planen er å leggja ut plankar på ein del våte parti, mellom anna. Neste steg er å få til ein parkeringsplass på Drange. Kinn har vore i dialog med både grunneigarear og Statens vegvesen, og håpar dette kan løysast i samband med forlenging av gangstien langs E 39. Om dette let seg gjera, veit han enno ikkje.
Sjølve turstien er to kilometer lang. Det er også planar om å leggja inn ein avstikkar til utsiktspunktet på toppen av Åsane, midtvegs ute i pollen.
Kulturminne
Sjølv om Storestraumen har vore viktig for samferdsla til og frå Rødspollen gjennom fleire hundre år, er ikkje den oppmurte trekkvegen med i gjeldande kulturplan for Sveio. Men staden blei registrert for nokre år sidan og blir tatt inn i den rullerte kulturplanen.
— Det er lett for kommunen å følgja opp når frivillige gjer så godt arbeid som dette, seier Ellen Urheim Tveit.
Saman ned skiltinga ved den nye turvegen vil dette bidra til auka kunnskap om ein del av Sveio-historia som både Kinn og Tveit meiner er heller lite kjent.