nyhende
Ny tilsett og nytt produkt
I ei tid då toppen av koronapandemien så vidt har lagt seg, har Norsk Lek og Park AS på Hanaleite auka bemanninga. Samstundes har dei byrja å forhandla ein dispensar for handdesinfisering designa for utandørs bruk.
– Etter nokre litt tøffe veker med ein del permitteringar, merkar me nå ein god oppgang i førespurnader og ordrar, seier Trygve André Tvedt, marknadssjef i Norsk Lek og Park.
Ting er i ferd med å normalisera seg igjen, og i den samanheng har bedrifta trappa opp bemanninga og tilsett ny seljar.
– Han skal jobba med nye og etablerte kundar i fylka Viken, Oslo og Innlandet. Det betyr at me nå, i tillegg til eit landsdekkande nett av anleggsgartnarar, entreprenørar og montørar, kan skilta med eit komplett salsnett for heile landet, fortel Tvedt.
20 år i bransjen
I 20 år har verksemda på Hanaleite funne opp og produsert leikeapparat og parkutstyr i heile Noreg, med stor suksess.
Det var Tor Røykenes som saman med faren Svein Røykenes starta Norsk Lek og Park i 2000. Frå den tida har verksemda utvida og tal tilsette gått oppover, og tel i dag åtte tilsette.
Då koronakrisa oppstod såg Norsk Lek og Park eit behov som melde seg, nemleg handdesinfisering.
Dei har nå byrja å forhandla ein dispensar for nettopp dette.
– ProtectoNetic er ein unik dispensar for handdesinfisering designa for utandørs bruk, og er ideell til offentlege rom, som parkar, friluftsområde og idrettsanlegg, seier Tvedt.
Fleire formål
Ifølge Tvedt toler produktet vêr og vind, og treng heller ikkje oppkopling til straum. Det er berre fotkrafta di som pumpar opp.
– I tillegg får du tilrettelagt informasjon om til dømes virus og bakteriar. Og om ønskjeleg, kan den på eit seinare tidspunkt oppgraderast til andre formål, til dømes turistinformasjon, opplyser Tvedt.
Han trekkjer fram naturløypa til golfparken og ved Sveio skule som døme på lokale område der denne sensoren kunne vore nyttig.