nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

Ny smitterekord i Sveio

Sveio hadde 33 nye smitta sist veke. Det er éin meir enn veka før, og ny rekord under pandemien.

Publisert Sist oppdatert

– Fredag sist veke var totalt 48 innbyggjarar i isolasjon, og fleire skular og barnehagar er berørte, opplyser kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft.

Intensiverer vaksineringa

Tala inneber at Sveio no har dei høgaste smittetala i heile pandemien. Samstundes vert det sett inn ekstra vaksineressurasar i tida fram mot jul.

Alle innbyggarar over 65 år, samt helsepersonell som er innafor tidsintervall, fekk sist veke 3. vaksinedose. Totalt blei rundt 350 personar vaksinert.

Ifølgje Toft vil det bli ein ekstra vaksinasjonsdag 22. desember, og det er venta at personar med underliggande sjukdommar samt personar over 45 år som er innafor tidsintervall, vil vera vaksinert med 3. dose før jul.

– Det vil òg bli vurdert om det skal vera ein ekstra vaksinasjonsdag før jul då det no er endra intervall mellom 2. og 3. dose frå seks til fem månadar for personar over 45 år, opplyser kommunalsjefen for helse og omsorg.

Lokale restriksjonar vert fortløpande vurdert, og følgjer no nasjonale retningslinjer.

Slik ser sprøytene ut, ferdig doserte.
Powered by Labrador CMS