nyhende
Ny runde om sommar-SFO
Rådmannen meiner det ikkje er aktuelt på noverande tidspunkt å endra sommartilbodet i skulefritidsordninga. Politikarane kan vera av ei anna meining.
Under budsjettbehandlinga i desember i fjor ba kommunestyret rådmannen greia ut om kommunen kan gi SFO-tilbod også i skulane sin sommarferie. Grunngjevinga var at SFO er viktig for mange foreldre for å få kvardagen til å gå opp, også om sommaren. Sveio har i dag SFO-tilbod ved alle skulane i ti månader. Foreldre som ønskjer det, kan også få SFO-tilbod i haust- og vinterferiane og i ei veke etter skuleslutt i juni og ei veke før skulestart i august, men alle desse tilboda må dei betala ekstra for.
Følgjer opp
Oppdraget til rådmannen var å kartleggja behova. Vurdera samling av av barn på ein stad, eventuell bruk av restkapaisitet i barnehage, tilbod til sjølvkost og tidleg frist for forpliktande påmelding. No er utgreiinga klar og blir lagt fram for hovudutval oppvekst og kultur måndag. Saka går vidare til formannskap og kommunestyre.
Rådmannen påpeikar at det må vera minst ti søkjarar for å få SFO-tilbod på kvar skule. Er oppslutnaden lågare, er det alt i dag heimel for å samla SFO på ein stad, i praksis på Sveio skule. Dette kan vera aktuelt også fordi det må vera minst to tilsette på jobb der SFO er open.
Fleire på SFO
Oppslutnaden om SFO i Sveio har auka kraftig etter at det blei innført gratis kjernetid på 12 timar for elevar i første, andre og no frå hausten av også for tredje klasse. For fjerde klasse er prisen på ein full SFO-plass 3.670 kroner per månad. Rådmannen held det for truleg at Stortinget vil innvilga gratis kjernetid også for fjerdeklassingar under budsjettbehandlinga til hausten. Ekstraveker i feriane kostar 1.370 per barn i veka.
Ingen har heilt sommarope
Rådmannen har gjennomført ei undersøking av SFO-tilbodet i sommarferien i andre kommunar, og har ikkje funne nokon kommune som har open SFO heile sommaren. I Haugesund er tilbodet stengt i tre veker, medan andre nabokommunar og ei rekke større kommunar rundt om i landet held SFO stengt heile juli.
Det er allereie opning for sjølvkostprinsippet i SFO, men dette kan ikkje følgjast fullt ut på grunn av varierande barnetal, skriv rådmannen, som også legg vekt på at kommunen er i ein pressa økonomisk situasjon om ikkje kan ta på seg oppgåver som kan gi uventa økon0miske konsekvensar.
Rådmannen finn det ikkje hensiktsmessig å gi SFO-tilbod i tilknyting til barnehagar.