nyhende

Padelbane er eit prosjekt Bua har søkt pengar til og fått innvilga.ARKIVFOTO: GOOGLE / ILLUSTRASJON: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Padelbane er eit prosjekt Bua har søkt pengar til og fått innvilga.

Ny runde med tilskot

Sveio kommune lyser ut ny søknadsrunde for dei sju bygdene i Sveio. No kan ein søkja om opp til 200.000 kroner til nærmiljø og sosiale møteplassar innan 1. april.

Publisert Sist oppdatert

Forrige runde var ein blanda suksess. I nokre av bygdene kom det fleire søknadar, og i andre kom det ingen.

Auklandshman, Bua og Førde fekk 200.000 kroner kvar, medan Valestrand fekk 180.000 kroner.
Sveio og Vikse sende ikkje søknadar, medan Lid sin ikkje vart godkjent då den ikkje møtte krava.

No opnar Sveio kommune for ein ny runde med søknadar.

Det er gode nyheiter for Lid, Sveio og Vikse.

Organisasjonar, lag, velforeiningar og bygdelag i desse bygdene kan søkja om opp til 200.000 kroner. For Valestrand er det 20.000 kroner att å søka på.

Pengane må gå til nærmiljø og sosiale møteplassar. Noko som i klartekst betyr eit fellesområde der alle kan samlast og vera, uavhengig av alder og funksjonsgrad.

Hensikta bak programmet er å leggja til rette for auka aktivitet, betre folkehelse og meir attraktive lokalsamfunn.

Søknadsfristen er sett til 1. april.

Powered by Labrador CMS