Det vart eksportert norsk sjømat for 15,4 milliardar kroner i oktober, som er ny rekord. Så langt i år har vi eksportert for meir enn i heile rekordåret 2021.
NPK-NTB: Oktober er den beste enkeltmånaden i historia, og eksporten var opp 27 prosent frå same månad i fjor. Førre rekordmånad var i september. Det vart eksportert norsk sjømat for ein halv milliard kroner om dagen i oktober.
– Norsk sjømateksport opplevde ein historisk vekst i oktober. Verdien på 15 milliardar kroner er ikkje berre ein solid rekord. Det betyr at vi kvar einaste dag i denne månaden eksporterte sjømat for i underkant av 500 millionar kroner. Det er enorme tal og fortel kor viktig denne næringa er for Noreg, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.
Passerte fjoråret
Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 123,9 milliardar kroner, 27,1 milliardar meir enn i same periode i fjor.
– 25. oktober passerte vi eksportverdien for rekordåret 2021. Då var verdien for heile året på 120,8 milliardar kroner. Med ei god utvikling dei to siste månadene i år vil eksportverdien av norsk sjømat passere 150 milliardar kroner i 2022. Det er imponerande og nær ei tredobling på ti år, seier Chramer.
Det har vore rekordhøg eksport av artar som laks, torsk, aure, sei, hyse og reker. Rekordane har eit dystert bakteppe.
Skugge over framtidsutsiktene
– Vi lever i ei svært krevjande og uroleg tid, med høg matinflasjon og hard kamp om proteina over heile verda. Dette har ført til historisk høge prisar for norsk sjømat. I tillegg bidreg ei svakare norsk krone i oktober til å løfte eksportverdien. Prisen i norske kroner blir høgare med ei svakare norsk krone, forklarer Chramer.
Sjømatnæringa merkar også at folk slit med økonomien i dei store marknadene.
– Frå fleire land blir det melde om ein nedgang i heimekonsumet av sjømat, samtidig som restaurantmarknaden opplever krevjande tider. Forventningar om ei mykje svakare økonomisk utvikling kastar derfor ein skugge over utsiktene framover, seier Chramer.
Laks inne på Salmars foredlingsanlegg på Frøya i Midt-Noreg i 2018. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK