nyhende
Ny rekord og nye turar for Sveio turlag
Sveio turlag held fram suksessen frå i fjor, og sette ny deltakerrekord i vårsesongen. No er dei i gong med nye turar på grøn resept, eit flott bidrag til folkehelsa.
– På heile vårsesongen var det i alt med 505 på våre 15 turer tysdager og søndagar. Dette er rekordoppslutnad, med omlag 100 fleire enn i fjor. På fleire av turane har det vore med godt over 40 personer, så det verkar som at dette tilbodet er godt motteke, seier leiar Arild Wiersen.
Lurt å vurdera vanskegrad
Sveio turlag gler seg over at mange vil vera med dei, men ikkje alle turar passar for alle. Difor har dei ei oppmoding:
– Les turbeskrivinga grundig og vurder om du har fysisk føresetnad for turen. Er du usikker, kan du ringa ein av turleiarane på den aktuelle turen og få hjelp til vurderinga, seier Elisabeth Hauge Bakke i turnemda.
Fottøy og hund i band
Ein annan gjengangar er for lett fottøy. På nokre turar kan det vera ein del våte parti, og det blir ikkje mindre vått av alt regnet som har kome og som kjem utover hausten. Så hugs å ta på godt fottøy.
I Sveio kommune er det utvida bandtvang til 15. oktober. For Sveio turlag sine turar gjeld denne regelen:
– Hund må vera i band på våre turar, sjølv om det ikkje er bandtvang heile året, seier Hauge Bakke.
Turar i haust
Haustsesongen er allereie i gong. Her er dei komande turane tysdagar og søndagar, samt arrangement fram mot jul. Meir informasjon om turane finn du både i papiravisa og nettavisa under Kva skjer i Sveio.
3. september: Hovdaneset og gullgruvene på Hovda. Turstart ved avkøyrsle til Kvitanes sør for Buavåg. Om lag 1,5-2 timar historisk vandring i lett kupert terreng Turleiarar: Torhild Matre og Elisabeth Hauge Bakke.
8. september: Frå Løvegapet til Dyrnes fyr, Bømlo. Kjell Vespestad tek deltakerne med på ein om lag 2,5-3 timars tur langs sjøen til Roaldsfjorden og Sætre, Dyrnes og Vika i kupert terreng. Oppmøte i Buavåg, og ferje kl.10.30 til Langevåg. Turleiarar: Elisabeth Hauge Bakke og Torhild Matre.
10. september: Kvernavatnet rundt i Ryvardenmarka. Om lag 2 timar rundtur på sti i lett kupert turterreng. Turstart frå parkeringsplassen i Mølstrevåg. Turleiarar: Arild Wiersen og Sigfrid Olsen.
15. september: Dagsturhytta Tveitaslottet (161 m.o.h.), Ytste Sørlivatnet (248 m.o.h.) og Melsåta (499 m.o.h.) i Fitjar. Om nødvendig blir deltakarne delt i to grupper; Dei som vil gå ca. 11 km/4timar i noko krevjande, tidvis bratt terreng til Melsåta, og dei som berre vil gå til ytste Sørlivatnet. Felleskøyring frå Haukås terminal og turstart ved parkeringsplassen ved Dalshaugane. Turleiarar: Ingvar Nymark, Hans Enerstvedt, Arild Wiersen og Marit Husby.
22. september: Rundt Fotvatnet på Karmøy. Om lag 2-2,5 time tur i godt tilrettelagd, middels lett terreng. Lokalkjende Odd Henry Dahle vert med på turen. Felleskøyring frå Sveio skule og parkering og turstart ved Bygnes Vitenbarnehage. Turleiarar: Elisabeth Hauge Bakke og Svein Mathias Lie.
24. september: «Sjenet» på Tjernagel, Sveio. Om lag 1,5 time rundtur på sti og torvmyrveg i lett kupert terreng. Ingebjørg og Nils Kristian Haga serverer varm bålkaffi ved Storavatnet. Parkering og turstart i svingen ved Tjernagel bedehus. Turleiarar: Torhild Matre og Sigfrid Olsen.
29. september: Vardafjellet (247 m.o.h) i Førde. Om lag 3 timar middels krevjande tur, nokre bratte parti. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor E39 mot Førde sentrum. Turleiarar Ingvar Nymark og Elisabeth Hauge Bakke.
1. oktober: Kyststien til Kvalen fyr, Skjelavika og Årabråtkilen i Haugesund. Om lag 1,5 time vandring i lett kupert terreng langs sjøen. Start frå Riksmonumentet Haraldshaugen (Haraldstøtta). Turleiarar: Elisabeth Hauge Bakke og Magnhild E. Thorland.
6. oktober: Kaien i Buavåg – Loknapollen – Loknakvedno. Om lag 1 time gangtid på grusveg og sti. I samband med «Kvednadagen» på Bua vil deltakarane få sjå korleis ein mala korn i gamle dagar. Turleiarar: Erling Vallestad og Sigfrid Olsen.
13. oktober: Frå «Sletto» til Trehovdefjellet og Leitefjellet. Lokal kjentmann Cato Helgesen tek deltakarne med på ein om lag 2-2,5 times rundtur på sti. Middels krevjande terreng. Parkering og turstart ved hyttefelt på «Sletto» ved Gullvegen/ Fylkesveg 541. Turleiarar: Torhild Matre og Elisabeth Hauge Bakke.
7. november: Kosekveld på Kysttunet. Magnus Jonas Fjell held fotoforedrag om Hubro på Karmøy, samt om naturen på vestsida av øya ispedd fine historiar. Enkel servering samt ei lita utlodding.
26. desember: 2. juledagsturen. Start frå Sveio Golfpark. Om lag 1-1,5 times arrangement. Servering av varm julegløgg.