nyhende

Store mengder nedbør skapte ein minisjø ved Bakker Bru i Frogn kommune i november i fjor. Nokre tok likevel sjansen på å krysse.
Store mengder nedbør skapte ein minisjø ved Bakker Bru i Frogn kommune i november i fjor. Nokre tok likevel sjansen på å krysse.

Ny rapport: Fleire dystre vêrrekordar vart sette i 2023

2023 var eit av dei våtaste og varmaste åra som nokon gong er registrert i Europa. Fjoråret var prega av store skogbrannar, hetebølgjer og flaumar.

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram i ein rapport om vêret i Europa i fjor, som er utarbeidd av Verdas meteorologiske organisasjon (WMO) og EUs klimaendringsteneste, Copernicus.

Konsekvensane av klimaendringane var godt synlege i Europa gjennom året, og millionar av menneske vart påverka av ekstremvêr.

Rapporten viser at ekstremvêret er her og no, og at temperaturendringane treffer Europa med større styrke enn resten av verda.

Går raskare i Europa

Fleire dystre rekordar vart sette i Europa i fjor, mellom anna flest dagar med «ekstremhete-stress», skogbrannar over eit rekordstort område og hetebølgje i nordaust-Atlanteren.

I tillegg har dødsfall relatert til høg varme auka med rundt 30 prosent dei siste tjue åra, ifølgje rapporten. Dødsfall relatert til varme blir anteke å ha auka i 94 prosent av dei europeiske regionane som blir overvakte.

Temperaturane i Europa aukar meir enn i resten av verda. Ikkje minst her i Noreg, der Svalbard blir varma opp raskast i verda.

Varmaste året nokosinne

I europeiske land stig temperaturane nesten dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet, viser rapporten.

I elleve av månadene låg temperaturane over gjennomsnittet. 2023 var det varmaste eller nest varmaste året som nokosinne er registrert, avhengig av kva datasett ein legg til grunn.

– Året var prega av store kontrastar. Det var forskjellar i temperatur og nedbør over heile kontinentet og frå månad til månad, seier Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Han viser til at frå juni til september opplevde Europa hetebølgjer, skogbrannar, tørke og flaum, med ekstreme konsekvensar enkelte stader.

Kostar milliardar av kroner

Vêr- og klimahendingar, som til dømes flaum og skogbrann, kostar samfunnet dyrt. Økonomiske tap som følgje av slikt er estimert til nær 160 milliardar kroner, ifølgje International Disaster Database.

– I Noreg opplevde vi kostnader langt over det normale etter ekstremvêret Hans, seier Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter og klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Finans Norge sa i fjor at uvêret Hans er ein av dei dyraste naturkatastrofane som nokon gong har ramma Noreg. Reparasjon av skadane blir anslått å koste meir enn 1,6 milliardar kroner.

Aurdal- og Fagernes-området vart ramma av ekstremvêret Hans i august i fjor. Hus, hytter og bygningar vart overfløymde av vatn, og det resulterte i store øydeleggingar.

Havet blir varma opp

Rapporten viser også at gjennomsnittstemperaturen i havoverflata i Europa var rekordhøg i 2023.

Delar av Middelhavet og den nordaustlege delen av Atlanterhavet hadde dei høgaste gjennomsnittstemperaturane i havoverflata som nokon gong er målt.

I juni vart Atlanterhavet vest for Irland og rundt Storbritannia påverka av ei marin hetebølgje. Den vart klassifisert som «ekstrem», og i nokre område «meir enn ekstrem». Havoverflatetemperaturar vart målte opptil 5 grader over gjennomsnittet

– Vi må gjere meir i Noreg

– Denne rapporten viser at ekstremvêret ikkje er noko som kjem ein gong i framtida. Det er ingen stader å gøyme seg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Han påpeikar at det er ikkje er til å unngå at det kjem fleire ekstremvêrrekordar, men maner til handling slik at klimaendringane ikkje blir større enn verda kan handtere.

– Regjeringa er godt i gang med omstillinga, men vi har ikkje komme langt nok. Vi må gjere meir, seier Bjelland Eriksen. Han viser til planane regjeringa har i klimaplanen sin kalla Grøn bok.

Powered by Labrador CMS