nyhende

Jostein Salemonsen er politikontakt for Sveio kommune.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Jostein Salemonsen er politikontakt for Sveio kommune.

Ny politikontakt på plass

Jostein Salemonsen (48) er tilsett som politikontakt i Sveio frå 1. juli i år.

Publisert Sist oppdatert

Jostein Salemonsen tek over etter Malvin Kvamme som har vore Sveio kommune sin politikontakt tidlegare. Han skal også vera politikontakt for Tysvær og Bokn.

Salemonsen er oppvaksen i Haugesund og har jobba i politiet sidan 1999. Etter to års avbrekk i Hatteland-konsernet, er han no tilbake i politiet.

God lokalkunnskap

– Som politikontakt vil eg ha overordna oversikt kva som rører i kommunen. Mykje av jobben min er retta opp mot ungdom, men samstundes for alle innbyggjarane i Sveio, fortel Salemonsen.

Han legg ikkje skjul på at det er kjekt å koma tilbake til Sveio. I oppveksten var han mykje på Våga, der familien hadde landstad. I Valevåg har mor hans hytte.

Lokalt forankra politi

I samband med innføringa av nærpolitireforma, blei det bestemt at alle kommunar skal ha ein eigen politikontakt. Desse skal bidra til eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebyggja kriminalitet og skapa trygge lokalsamfunn.

Den nye politikontakten har alt etablert god kontakt med ungdomsskulen i Sveio.

– Målet er at eg etterkvart skal helsa på alle elevane, men i første omgang, og i samarbeid med kommunen, vil eg møta 8. klasse og høyra kva utfordringar dei har. Saker eg har lyst å snakka med elevane om er blant anna om rus og bruken av sosiale medier, opplyser Salemonsen.

Powered by Labrador CMS