nyhende

Ny plass for badeplattformen

Har du sakna badeplattformen utanfor Mjelkeneset? Den har fått ny ankringsplass lenger inn i Vigdarvatnet.

Publisert Sist oppdatert

Det flotte tiltaket i regi av Vigdarvatnet grunneigarlag fekk mykje positiv merksemd i fjor. Plattformen med grill, gapahuk og tilrettelagt ilandstiging for kajakk blei mykje brukt.

Kunne vera uheldig

Samstundes kom det etter kvart tilbakemeldingar på at plattformen kanskje låg for nært badeplassen på Mjelkeneset, og at det kunne føra til at folk blei freista til å svømma ut til den. Det kunne vera uheldig dersom svømmaren feilvurderte eigne svømmeferdigheiter

Kommunen kom også på banen og oppmoda til flytting, og no er fjorårets landemerke ved Fv. 47 flytta lenger inn i vatnet til ny ankringsplass ved Bruraholmen (sjå kart i bildekarusellen øvst i saka).

– Plattformen var i utgangspunktet tenkt som eit kjekt tilbod til dei som er ute og ferdast på Vigdarvatnet. Å flytta den var difor eit enkelt val for å unngå uheldige situasjonar. No ligg den også litt lunare til, seier Jan Holger Hamre, ny leiar i grunneigarlaget.

Er i gong med informasjon

Dei bokstaveleg tala blytunge lodda som heldt badeplattformen på plass blei ikkje med på ferda frå Mjelkeneset. Å få dei eit tonn tunge lodda opp frå evja var umogeleg. Nye lodd og kjettingar måtte på plass ved Bruraholmen, og kostnadane til dette vedtok kommunestyret å dekka sist møte 7. april.

– Plattformen er ikkje lenger synleg frå vegen, og me jobbar no med korleis me skal få ut informasjon om tilbodet. Ein oppdatert plakat på Mjelkeneset, der det mellom anna er utleige av kanoar, vil vera naturleg. Og me ser på informasjon på nettet. Dette er under arbeid, seier Hamre.

Powered by Labrador CMS