nyhende
Ny plan for Sveio si framtid
Ein ny kommuneplan vart nyleg presentert for formannskapet. Politikarane meinte retningslinjene var for strenge, og vedtok difor nye. No ber dei folk som har fått avslag på sine innspel om å prøve igjen. — Planen er noko av det viktigaste me held på med, seier Rune Teikari (Frp) og Lars Einar Hollund (H).
I desse dagar blir det utarbeidd ein ny kommuneplan for Sveio.
— Kommuneplanen legg retning for korleis me skal drive kommunen og utvikle oss, seier Rune Teikari (Frp).
Alle innbyggarar har hatt høve til å kome med innspel til planen. Nokre dømer kan vere eit ynskje om ei småbåthamn, ei hytte eller forslag til ei næring.
Ynskjer endringar
Saman med seks andre sit han i formannskapet i Sveio.
Måndag 16. januar vart dei presentert eit forslag til kommuneplan av rådmannen. Målet er at eit kommunestyre skal vedta ny kommuneplan innan året er omme.
Totalt kom det 290 innspel frå sveibuar. På ei nettside kommunen har laga, kan ein sjå dei 176 innspela som vart tekne med vidare.
Fleire innspel vart silt ut på førehand. Det skuldast at dei ikkje møtte retningslinjene foreslått av rådmannen.
Når kommuneplanen er ferdig, kjem den til å leggje føringar for det meste, og vere eit kart for mogeleg aktivitet. Kva områder i Sveio kan nyttast til, kor ein kan byggje noko og kva, og ikkje minst kor ein ikkje kan gjere noko.
Men, før formannskapet er nøgd med rådmannen sitt forslag trengs det nokre endringar.
Fleire hinder for vekst
Formannskapet meiner kommuneplanen gjer det vanskeleg for vekst i befolkning og næring. Teikari og Lars Einar Hollund (H) viser til fleire hindrande retningslinjer.
• Ei strandsone på 100 meter.
• Ei slags freding av Sveio vest for fylkesveg 47.
• Freding av, og størrelsen på, områda som reknast som friluftsliv.
Særleg dei to første punkta vil råka nye hytter, naust og kommersiell aktivitet langs kysten. Ei strandsone på 100 meter vil bety at ein må 100 meter inn frå sjøen før ein kan byggje. Då forsvinn det beste av kva Sveio har å by på, meiner dei.
— Kysten er mogelegvis Sveio sin største fordel. Me må utnytte den for å få utvikla kommunen, og at folk vil bu her, seier Hollund.
— Det er næringsmogelegheiter ein må teke på alvor, særleg i ein næringsfattig kommune, seier Teikari.
Regelen vil også gjelde for område der det allereie har vore bygd. Og unntak vil berre kunne gjerast med ein såkalla dispensasjon.
— Veldig ofte er det i eit busett område. Og då vert til dømes ein ny garasje ein dispensasjonssak, seier Hollund.
Dei fryktar ein situasjon der kommunen må behandle mange saker som krev dispensasjon. Det kostar både kommunen og søkarar tid, pengar og ressursar.
Formannskapet utgjer styringsgruppa for kommuneplanen, og har difor vedteke nye føringar.
Med dei nye reglane vil det til dømes kunne byggjast eit nytt naust om det allereie er eit naustområde.
Samstundes understrekar dei at det ikkje vert fritt fram.
— Me skal framleis ha mykje urørt strandsone, seier Teikari.
Kartlegging skapar problem
Ei anna utfordring er den delen av Sveio som ligg vest for fylkesveg 47, frå grensa til Haugesund kommune og opp til Bua. Den har vorte kategorisert som verneverdig av Miljødirektoratet grunna naturtypen. Samstundes har området aust for fylkesvegen ikkje vore kartlagt, og reknast ikkje som verneverdig. Det meiner Teikari og Hollund blir feil, då naturtypen er den same.
— Innspel til kommuneplanen vert silt bort grunna dei ligg vest for fylkesveg 47. Det er berre fordi det ikkje er kartlagt på austsida. Då vert det ein forskjellsbehandling, seier Teikari.
Området det er snakk om utgjer ein stor del av det formannskapet trur er attraktivt med Sveio.
Det siste hinderet omhandlar friluftsliv. Det er snakk om store område. Teikari og Hollund seier dei vart førespegla at områda ikkje skulle vere freda til den graden dei er.
— Dette vart presentert som ikkje juridisk bindande, men no ligg det som premiss i botn for mykje av kommuneplanen, seier Teikari.
Formannskapet ynskjer difor å få presentert kva konsekvensar det kan ha om nokre innspel kjem i konflikt med områda markert som friluftsliv.
— Kva må desse innspela gjere av tilpassingar? spør Hollund.
— Ein må ikkje lukka dørene unødvendig, seier Teikari.
— Så bombastisk kan det ikkje vere. Det må vere mogeleg å finne løysingar, seier Hollund.
Vedtok nye retningslinjer
Teikari understrekar at han synest forslaget til rådmannen var bra, berre ikkje nokre av retningslinjene.
— Administrasjonen har gjort ein god jobb, seier Hollund.
Difor vedtok formannskapet å leggje til grunn nye retningslinjer.
Innspel som har fått avslag skal få ei mogelegheit til å kome med reviderte forslag, og vurderast etter dei nye retningslinjene.
Men, ein framgang avheng av deltaking frå sveibuene bak innspela.
— Folk som kom med innspel må vere på ballen og sjå om deira innspel kom vidare eller ikkje, seier Hollund.
— Kommuneplanen er innbyggarane sin. Difor er eigarskap og engasjement viktig, seier Teikari.
Forrige kommuneplan vart laga i 2011, så det vil vere lenge til neste gong. Det er no den skal utformast, og difor kjem dei med ein åtvaring til dei som nøler.
— Det er for seint når den er vedtatt, seier dei.