nyhende
Ny ordførar tok første spadetak
Onsdag byrja gravearbeidet på Steinhaugmarka i Sveio sentrum. Det byrja med at fersk ordførar André Mundal Haukås (H) fekk ta første spadetak, med gravemaskin.
Det var ein munter gjeng med ein ordførar, ein eigedomsutviklar og arbeidarar frå Geir Flatnes AS som stod klare onsdag morgon.
– Eg håpar eg skal få grava mange hol, spøkte ordførar André Mundal Haukås (H).
Tilbake til barndomen
Latteren sat laust i forsamlinga som tok seg bort til jordet kor gravinga skulle skje. Bjørn Storebø frå BlinkHus Valvatne, utviklaren bak prosjektet, var strålande nøgd av fleire grunner.
– Eg vakna klokka 05.00 i dag av vêret og tenkte «huff, skal han ta første spadetak i dette?», humra Storebø.
Det var ikkje berre opphald som gleda eigedomsutviklaren. Berre ein time seinare skulle han i nytt møte med ein potensiell kunde til prosjektet.
– Då vert det bueining nummer ti, sa Storebø.
Sjølv om det vanlegvis er ein spade som blir nytta til første spadetak, fekk Haukås anledning til å nytta noko litt større, ei gravemaskin.
– Du har vel brukt ei sånn før? spurde Storebø ordføraren
– Ja, eg vaks opp i ein entreprenørfamilie, og då eg var liten fekk eg sitja i ei gravemaskin nede i eit steinbrot og snurra litt rundt, fortel Haukås.
– Dykk får gjera resten
Den lokale entreprenøren Geir Flatnes AS var godt representert, mellom anna av sjølvaste Geir Flatnes. Med seg hadde han også dei tilsette Thomas Leknes, John Kristian Liknes og Frode Kjelle.
Sistnemde hadde køyrd klar gravemaskina ut på jordet, slik at ordføraren kunne stiga inn og ta i eit tak. Etterpå vart det ut att frå maskina for å sjå på meisterverket.
– Då får de gjera resten, spøkte Haukås til latter frå dei tilsette og Storebø.
Eigedomsutviklaren var takksam for at ordføraren kunne møta opp, og vart overraska med blomar frå Haukås. No gler Storebø seg til å sjå utviklinga, noko også ordføraren har god utsikt til, bokstaveleg tala.
– Me kan sjå det frå kommunestyresalen, sa Haukås.
Vekst og utvikling
BlinkHus Valvatne har jobba lenge med prosjektet, og Storebø trur det vil ha god verknad på Sveio både heilskapeleg og lokalt.
– No skaffar eg nye skattebetalarar, sa han.
– Ja, det er veldig kjekt, sa Haukås.
Storebø vil ikkje seia så mykje om kven, men fortel at mange av dei er eldre, og at fleire faktisk kjem utanfrå Sveio.
– Det er ein god stad, særleg for dei som ynskjer å bu heime lengst mogeleg, sa Haukås.
Sjølv om han byrja i rolla som ordførar måndag to dagar i forvegen, var det ikkje hans første handling.
– Nei, eg var med på innsamling til tv-aksjonen i går, og skal i møte i samanheng med noko velgjerd etterpå. Men dette var første offisielle handling i samanheng med vekst og utvikling, svara Haukås.
Storebø trekk fram at forgjengaren hans Linn Therese Erve (Ap) også skal ha ære for at dei endeleg kom i gang, noko Haukås var heilt samd i.