nyhende
Ny næringsaktør vil kjøpe tomt på Ekrene
Nok ein entreprenør ønskjer å flytte verksemda si til Sveio og Ekrene Næringspark.
BJ Kran & Transport AS, eit transportselskap som ifølgje dagleg leiar Johnny Johansen tar oppdrag innan alt som kan både løftast og fraktast, ønskjer å kjøpe ei 9,2 mål stor ledig kommunal tomt i Ekrene Næringspark.
Blir nabo med partnarar
Johansen fortel til Vestavind at selskapet per i dag leiger areal på tre forskjellige stader i Karmøy kommune, men at dei no ønskjer å samle alt på Ekrene i Sveio. Det er ikkje heilt tilfeldig at dei ønskjer seg til akkurat den næringsparken. Johansen har nemleg utvikla selskapet sitt saman med Kai Peder Birkeland, mannen som mellom anna står bak det suksessrike entreprenørfirmaet Birkeland, som frå før er etablert på Ekrene.
Kai Peder Birkeland har på si side etablerte eit tett partnarskap med Olav Stangeland og Stangeland Gruppen, som også er etablert på Ekrene. Og no er sistnemnde òg inne på eigarsida i BJ Kran transport AS. Etter ein omstrukturering før jul, er det også trioen Johnny Johansen, Kai Peder Birkeland og Olav Stangeland som utgjer styret i BJ Kran & Transport AS.
— Selskapet er i utvikling, stadfestar Johansen.
Administrasjon, verkstad og vaskehall
Johansen fortel at planen å setje opp eit større lagerbygg på mellom 1.000 og 2.000 kvadratmeter, og vil huse både administrasjon, lager, verkstad og vaskehall til køyretøy.
— Me håper å kunne ta i bruk tomta før sommaren, men bygging av sjølve lokalet vil ikkje vere i gang før planane er offentleg godkjende, presiserer han,
BJ Kran & Transport AS har i dag 10 større kranbilar i porteføljen sin, i tillegg til to av sorten sjefens sjølv omtalar som «ekspressbilar». Dei leverer tenester i heile landet.
— Vi køyrer dit kunden som betalar vil med skal køyre, fortel han.
Johansen tek eit lite atterhald om planane på Ekrene når han uttalar seg, for etableringa er ikkje heilt i boks før dei folkevalde i Sveio kommunestyret har godkjent prisen som rådmannen har føreslått. Det skal kommunestyret gjere førstkomande måndag.
5,45 millionar
Rådmannen ser positivt på å selje areal som skaper næringsaktivitet og arbeidsplassar i Sveio, og har føreslått ein pris på 5,45 millionar kroner. Den er basert på ein kvadratmeterpris på 700 kroner per kvadratmeter for den delen av tomta som allereie er ferdig planert, og 600 kroner for ein del som kjøpar må planere ut sjølv. Kjøpar har godkjent denne prisen.
Sakspapira var stempla unntatt offentlegheit av omsyn til kommunen sin forhandlingsposisjon. Kommunen endra standpunkt kring behovet for å halde dei hemmelege då Vestavind kravde innsyn i saka tysdag.