nyhende

Kjøper du ny elbil til over 500 000 i dag, må du betale den nye momsen som vert innført ved nyttår grunna lang leveringstid. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kjøper du ny elbil til over 500 000 i dag, må du betale den nye momsen som vert innført ved nyttår grunna lang leveringstid.

Ny moms på elbil dersom du kjøper no

Publisert Sist oppdatert
NPK: Grunna lang leveringstid vil du få momstillegget som gjeld frå nyttår, dersom du kjøper ny elbil i dag.

To av tre nye personbilar i Noreg er elektriske, viser tal frå SSB. Fram til no har dei hatt momsfritak, men i juni vart det vedteke at elbilar for over 500 000 kroner ikkje lenger får dette fritaket. Vedtaket gjeld frå januar 2023.

Sein levering, grunna mellom anna global mangel på microchip, gjer at ein elbilkjøpar i dag likevel må betale den nye momsen.

NAF meiner det er for tidleg å innføre moms på elbil og er kritiske til at regjeringa gjekk tilbake på lovnaden i Hurdalsplattforma der momsfritaket skulle gjelde opp til 600 000 kroner.

– Veldig mange av dei populære familie-elbilane hamnar ein plass mellom 500- og 600.000 kroner, fortel Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF til NRK.

Vidare skriv NRK at Finansdepartementet meiner at det er mange nok familie-elbilar til under 500 000 og at det difor er rettvist at dei som vel ein dyrare bil, må betale meirverdiavgift.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS