nyhende
Ny miljøterapeut med lang erfaring
Steinar Tislevoll frå Fitjar er tilsett som miljøterapeut i Sveio. Bak seg har han lang erfaring frå fleire yrke og land. — Eg har ein litt spesiell bakgrunn, seier Tislevoll.
Vegen til å verta miljøterapeut i Sveio var litt annleis enn den vanlege. Opphaveleg hadde Steinar Tislevoll frå Fitjar nemleg ein jobb med bokstaveleg tala mykje spenning i kvardagen.
— Eg var høgspentmontør i 20 år, seier han.
Frå London til Spania
Ein dag fekk han eit jobbtilbod som leia han og familien ut av Noreg.
— Eg fekk jobb i 2003 i sjømannskyrkja i London, som vaktmeister. I det arbeidet låg det også at eg hadde oppfølging av mellom anna krigsseglarar og eldre folk som hadde stranda i London etter krigen, fortel Tislevoll.
Omsorg for andre var noko som han likte å gjera.
— Eg fatta interesse for å jobba annleis, og byrja å ta utdanning som sosionom på sida av, seier Tislevoll.
Etter tre år i London flytta han igjen. Saman med kone og fire born drog dei til Spania. Det vart litt travelt med utdanning i Norge samstundes som han budde i Spania, men det gjekk.
— Eg pendla frå Spania til Oslo, og i Spania jobba eg med sosiale problem hos nordmenn som budde der, fortel han.
Midt i ferien
I 2017 flytta dei endeleg heim igjen til Noreg og Fitjar.
— Då tok eg etterutdanning om rus og avhengige, og så tok eg rettleiarutdanning og vart klinisk sosionom, seier han.
Til no har han jobba i fem år innan rusomsorg for Stord kommune og opparbeida seg mykje erfaring.
— Ja det har blitt noko etterkvart, seier Tislevoll.
— Har du noko relasjon til Sveio?
— Nei, eg har eigentleg ikkje det, seier han.
Stillinga hans er ein 100 prosent stilling. Den skal han byrja i på eit litt uvanleg tidspunkt.
— Eg byrjar midt i ferien, den 24. juli, humrar han.
Gler seg
Tislevoll er nøgd med å ha fått jobben. Då får han meir tid ute i felt saman med menneske.
Og, han skryt av Sveio kommune sin tilsettingsprosess.
— Den var veldig kjapp. Dei var effektive i Sveio. Det var intervju, så referansar neste dag, og før eg visste ordet av det vart eg tilbydd stillinga. Eg følte det var ein ryddig og kjapp prosess, seier han.
Den verdsvante fitjarbuen gler seg til å byrja i Sveio. No har han føtene godt planta i Fitjar sjølv om han tidlegare har reist mykje.
Stor dag i sommar
— Me reiste ut når ungane var frå eitt til ti år. Nokre av dei har vald å busetja seg på Austlandet. Og så har me ei jente som bur i Sør-Afrika og driv ein barnehage der, seier Tislevoll.
Samstundes som første arbeidsdag nærmar seg, er det også ein anna stor dag i vente for Tislevoll og kona.
— Eldstemann gjev oss vårt fyrste barnebarn til sommaren. Då vert det litt turar til Oslo for å sjå det, seier han.