nyhende

Leiar, og vara, i Ungdomsrådet, Ådne Christiansen og Sunniva Vikse.FOTO: LINN THERESE ERVE
Leiar, og vara, i Ungdomsrådet, Ådne Christiansen og Sunniva Vikse.

Ny leiar i ungdomsrådet

Ådne Christiansen vil jobba for fleire bussavgangar og frisbeegolfbane. — Det kjennes veldig bra ut, seier Christiansen om å ha vorte valt til leiar.

Publisert Sist oppdatert

— Me vil ha fleire bussruter som går innover i Sveio og fleire avgangar på kveldstid, seier Ådne Christiansen.

Av og for ungdomar

Han vart valt til leiar av ungdomsrådet for om lag to veker sidan. Christiansen har ei klar formeining om kva som skal til for å betre kvardagen for ungdomar i Sveio.

Ungdomsrådet er ungdomane sitt eige politiske organ i Sveio. Der kan dei arbeida fram eigne forslag, eller koma med uttale eller forslag til saker som vert politisk behandla i kommunen.

Det kan også fungera som eit høyringsorgan for politikarane, for å læra meir om kva ungdomane i Sveio tenkjer om noko.

Fleire avgangar

Den nyvalde leiaren er allereie godt i gong med politiske møter.

— Me var på møte med ordføraren og snakka om at me skal skriva brev til Skyss om nye bussruter, seier Christiansen.

Saman med varaleiar Sunniva Vikse var Christiansen også til stades på siste kommunestyremøte. Då vart dei ynskja velkomen av representantane.

Eit anna prosjekt ungdomsrådet held på med er frisbeegolfbane.

— Det har vore snakk om to plassar, enten på Vikse paintball eller ein stad i sentrum. Me har fått pengar til dette, seier Christiansen.

Han fortel dei er litt på etterskot i prosessen, så det er ikkje klart kvar plasseringa vert enno. Dei held på å avklara det med ein i kommunen.

Vil heva rådet

Christiansen er nøgd med å ha vorte leiar.

— Det kjennest veldig bra ut synest eg. Eg føler eg kan vera med å bidra til å heva ungdomsrådet, og få fram betre kva dei unge i Sveio meiner, seier han.

Den komande aktiviteten til ungdomsrådet er ikkje berre i Sveio.

— Det er mykje som skjer. I mars skal eg og ein annan frå ungdomsrådet til Bergen på ei fylkessamling for å høyra på dei andre ungdomsråda i dei andre kommunane. Då vil me sjå om me kan få til noko saman, seier Christiansen.

Nytt val til vinteren

Utanom leiarstillinga går han VG 2 på Karmsund vidaregåande skule på elektrolinja.

— Eg skal gå eitt år til og bli sjømann for å jobba på båt, seier Christiansen.

Han kjem Fjellstad litt utanfor Sveio sentrum. Christiansen fødd i 2004 og vert 19 år i år.

Som medlem av ungdomsrådet sit han også som deira representant på hovudutvalet for teknisk og næring.

Han fortel at til vinteren vert det eit nytt val, og då kan alle ungdomar vera med å søkja om stilla som kandidatar.

— Det vert opplyst på ungdomsskulane. Både dei som går på ungdomsskule og vidaregåande kan søkja, seier Christiansen.

Powered by Labrador CMS