nyhende

Helseminister Jan Christian Vestre seier Noreg no gjer eit taktskifte i kampen mot kreft. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Helseminister Jan Christian Vestre seier Noreg no gjer eit taktskifte i kampen mot kreft.

Ny kreftstrategi – vil eliminere livmorhalskreft

Regjeringa vil eliminere livmorhalskreft og annan kreft forårsaka av HPV i løpet av ein tiårsperiode. Det kjem fram i den nye kreftstrategien.

Publisert Sist oppdatert

– Vi skal vere i verdstoppen av diagnostisering, behandling og oppfølging av kreft. Med den nye kreftstrategien markerer vi eit taktskifte, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

Regjeringa har lagt fram ei liste med konkrete mål innanfor fleire område.

Her kjem det mellom anna fram at regjeringa vil eliminere livmorhalskreft og annan kreft forårsaka av HPV.

Kreftforeningen: Har ein jobb å gjere

Kreftforeningen er glad for den nye satsinga.

– Skal vi lykkast med dette, må fleire delta i livmorhalsprogrammet og fleire få tilbod om HPV-vaksine. Nabolanda våre ligg langt føre oss i dette arbeidet. Her har vi ein jobb å gjere, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross til TV 2.

Kreftstrategien har ein ti års varigheit. Til saman har regjeringa fem nasjonale mål og 17 nye tiårsmål i strategien fram mot 2035.

Fem hovudmål

Dei fem nasjonale hovudmåla i strategien er:

  • Noreg skal vere eit føregangsland innan kreftførebygging.
  • Vi skal vere eit føregangsland for gode pasientforløp.
  • Kreftomsorga skal vere meir brukarorientert.
  • Fleire skal overleve og leve lenger, med og etter kreft.
  • Menneske med kreft og pårørande deira skal ha best mogleg livskvalitet.

Frp: Ord må bli handling

Blant grepa er mål om å innføre screeningprogram for lungekreft og prostatakreft, doble talet på pasientar som deltek i kliniske studiar, tilby kreftpasientar gentesting for å betre presisjonsmedisinen og satse på innovasjon og næringsutvikling innan kreftområdet.

Helsepolitisk talsperson for Frp Bård Hoksrud seier i ein kommentar til NTB at det viktigaste er at ord blir handling.

– Ein strategi er ikkje verd meir enn papiret det er skrive på, så lenge det ikkje følgjer konkret handling og midlar til å følgje opp strategien. Norske kreftpasientar må ut av helsekøane, og dei må få effektiv behandling raskt.

Powered by Labrador CMS