nyhende
Ny kontrakt gir fleire arbeidsplassar
Ølen Betong ser for seg å oppbemanna med fem-seks personar ved betongelementfabrikken i Mølstrevåg etter tildeling av ny storkontrakt.
Måndag kunngjorde Ølen Betong at selskapet har inngått kontrakt med Eiffage Norge om levering av 122.000 veggelement til tunnelar på E18 mellom Langangen og Rugtvedt i Telemark.
Produksjonen startar i løpet av denne månaden. Elementa skal fraktast med skip frå Mølstrevåg til Skien og derfrå med trailer til tunnelane. Det er snakk om ti skipslaster. Alt skal vera levert innan hausten 2025.
Lokale ringverknader
– Kontrakten gir positive ringverknader også lokalt, seierGeir Arild Søndenå, divisjonsleiar element i Ølen Betong.
Han viser då til at talet på tilsette må opp for å gjennomføra leveransen innan avtalt tid. Både Søndenå og dagleg leiar Lars Norekvål er godt nøgde med kontrakten og med at dei dermed har fått ein ny kunde. Dette ser ut til å vera gjensidig.
– Me er veldig glade og spente på å starta dette samarbeidet med Ølen Betong, eit selskap som har godt ry over heile landet for sine betongprodukt. Det er viktig for oss å ha ein partnar me kan stola på, seier tunnelsjef i Eiffage Norge, Francois Bonnafous.
Fire felts motorveg
Det er Nye Veier som er hovudentreprenør på E18 mellom Langangen og Rugtvedt. Prosjektet omfattar 17,5 kilomenter ny firefelts motorveg som skal få fartsgrense 110 km/t.
På strekninga er det fleire tunnelar, kvart med to løp. Den lengste er Grenlandstunnelen på 5,2 kilometer.