nyhende
Ny journalist i Vestavind
Thomas Vallestad Drageset er tilsett som ny journalist i Vestavind. Han har mellom anna bakgrunn frå TV2.
Observante Vestavind-lesarar har allereie merka seg at det har dukka opp ein ny journalist i spaltene. Thomas Vallestad Dragset hadde sin første arbeidsdag i redaksjonen 1. september.
TV2-bakgrunn
Thomas er 32 år og er vaksen opp i Osøyro i Bjørnafjorden kommune. Han har redaksjonell bakgrunn frå TV2, mellom anna som deskreporter for utanriksredaksjonen og som researcher og reporter for TV2 Nyhetskanalen. Av studiar har han mellom anna ein mastergrad i samanliknande politikk frå Universitet i Bergen, og ein bachelorgrad i Europastudiar med framandspråk (spansk)
Drageset har no returnert til presseyrket etter at han det siste året har hatt fast stilling som bransjekoordinator ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Flyttar frå Bergen til Sveio
Den nye journalisten er gift med Maria Vallestad Drageset, som kjem frå Sveio. Saman har dei ei eitt år gamal dotter. Familien var fram til nyleg busett i Bergen, men har no vald å flytte til Sveio, og har planar om å bygge hus på Vikse.
— Eg trivs svært godt i Sveio. Det er ei fin bygd og eg gleder meg til å verte skikkeleg lokalkjent, noko som vert ein del av jobben min hjå Vestavind, seier han.
Thomas tek over journalist-stillinga etter Gunnhild Lønning, som nyleg slutta i Vestavind til fordel for lærarjobb i Bergen.