nyhende
– Me sikrar god beredskap og trygg vassforsyning
Vassbehandlingsanlegget ved Forevatnet er eitt av dei største utbyggingsprosjekta i Sveio gjennom tidene. Torsdag blei anleggsstarten offisielt markert.
Vassbehandlingsanlegget har ein total prislapp på 110 millionar kroner og skal stå ferdig til bruk i august neste år.
Her går første salve av:
Sikrar forsyninga
– Dette vil gi innbyggarane i Sveio god beredskap og sikra vassforsyninga i mange år framover, sa ordførar André Mundal Haukås i ein kort tale før han tok plass i førarsetet på ein borerigg.
Med god hjelp av skytebas og maskinkøyrar Magnus Nerheim i Birkeland & Tyse, proklamerte ordføraren den offisielle anleggsstarten ved å starta boringa av eitt av dei mange hola som må til for å sprengja ut tomta der vassbehandlingsanlegget skal reisast.
I løpet av nokre få minuttar i førarstolen kunne Mundal Haukås vera vitne til at boret arbeidde seg tre meter ned i berget.
Alt før den offisielle anleggsstarten er arbeidet i gang. Det starta like over påske, fortel Sveio kommune sin prosjektleiar Andras Ekrheim. Reint fagleg ser Erkrheim på utbygginga som svært spennande.
– Det er kanskje berre ein gong i karrieren eg får vera med på eit så stort prosjekt som dette vassbehandlingsanlegget, seier han.
Sveio tidleg ute
Ekrheim stadfestar også at utbygginga har å gjera med nye beredskapskrav som blei innførte i 2017. Då fekk kommunane krav om å ha to alternative drikkevasskjelder. I 2022 valde politikarane i Sveio å byggja reinseanlegg og ta i bruk den gamle drikkevasskjelda Forevatnet.
Saman med Joavatnet ved Førde var Forevatnet drikkevasskjelde for Sveio frå midten av 1970-talet til 2010. I 2010 valde kommunen å kjøpa vatn frå Haugesund sitt vassverk. Med åra har kjøp av vatn frå nabokommunen blitt svært dyrt.
– Utbygginga som me no gjennomfører, tener dermed to føremål. Me oppfyller beredskapskravet, og sikrar dermed eigen drikkevassproduksjon til ein rimelegare pris, seier Ekrheim.
Han legg til at Sveio er ein av dei første kommunane i regionen som er i gang med å oppfyllla kravet om alternative kjelder.
– Og sjølv om me sluttar å kjøpa vatn frå Haugesund, skal me ikkje grava opp vassleidningen til Stakkestadvatnet av den grunn. Dermed har me også endå eit alternativ som kan takast i bruk i ein krisesituasjon, sa ordføraren i sin tale.
Lokale firma
Sveiofirmaet Birkeland AS er hovudentreprenør for grunnarbeidet. Dette er eit jobb til 25 millionar kroner som skal vera ferdig i august, fortel Birkeland sin prosjektleiar Tjærand Pettersen, som Vestavind møtte saman med formann Henrik Haraldseid under den offisielle opninga.
– Steinen som me tar ut her, skal brukast til å laga mellombels anleggsveg frå Fjellstad til Forevatnet. Denne vegen skal brukast i samband med legging av ny vassleidning frå det nye vassbehandlingsanlegget til det eksisterande leidningsnettet på Fjellstad, forklarar Pettersen.
Birkeland AS med underleverandørar kjem til å ha mellom seks og ti personar i arbeid på staden i anlegggsperioden.
Med til mål
Hovudentreprenør for byggearbeidet er det tidlegare Vikebygd-firmaet Dommersnes & Larsen AS, som no har gjort karmøybuar av seg og flytta kontoret til Norheim. Kontraktsummen for deira del er på rundt 15 millionar kroner. Dagleg leiar Martin Ulvebne Larsen og prosjektleiar Svein Vesterli ser på oppdraget som eit svært passande prosjekt for deira del og kjem til å ha arbeid ved Forevatnet heilt til vassbehandlingsanlegget er klart til oppstart.
I samband med utbygginga er det sett opp brakkerigg med pauserom og andre fasilitetar for dei som skal ha arbeidsplassen sin her i anleggsperioden. Torsdag blei desse lokala tatt i bruk til servering av kaffi og kaker etter ordføraren si offisielle opning. Til stades under markeringa var representantar for entreprenørane og tilsette i kommunen.