nyhende

Gardar kan få høve til å drive alkoholutsal av drikkevarer med ein alkoholprosent over 4,7. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Fleirtal for alkoholsal på norske gardar

Arbeidarpartiet, MDG, Sp, Frp og Høgre støttar forslaget om sal av alkoholhaldige drikkevarer over 4,7 prosent til besøkjande på norske gardar.

Publisert

– Det er svært gledeleg at det no ligg an til fleirtal i Stortinget for å opne for avgrensa sal av eigenproduserte alkoholhaldige drikkevarer over 4,7 prosent direkte frå garden, seier Arbeidarpartiets Ruth Mariann Hop i næringskomiteen på Stortinget i ei pressemelding. 

Hop påpeikar at dette vil bidra til å støtte opp under både gardsproduksjon i heile landet og samtidig utvikling av Noreg som reiselivsdestinasjon.

Ifølgje Une Bastholm i MDG er dette ei moglegheit for nye, norske produkt, inntekter og spelerom for bonden, lokalt reiseliv og identitet, matkunnskap og kontakt mellom bønder og forbrukarar, skriv Nationen.

– Skal du få til ei satsing på lokalmat og drikke, er dette avgjerande, seier næringspolitisk talsperson Geir Pollestad i Senterpartiet. 

Det har vore knytt spenning til om regjeringa sjølv vil stemme for forslaget. Regjeringa har tidlegare varsla at dei vil komme med tiltak før sommaren, men Stortinget skrur no på gassen.

Saka skal behandlast i Stortinget 12. mai.

Powered by Labrador CMS