nyhende

Ny heimesiger til Sveio

Sveio kjempa seg til siger mot Torvastad 2 måndag kveld. Under kampen fekk dei raude fem gule kort mot eit bortelag som trenar Henrik Grasdal Larsen seier skulle hatt fleire kort sjølv. — Andre omgang vart prega av mykje stygge taklingar.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

6. divisjon avd. 4

Sveio – Torvastad 2    3-2 (2-1)

Sveio stadion. Dommar: Åge Eide, Leirvik BK

Mål

1-0 (17. min.) Eirik Torkelsen Haugsgjerd

1-1 (40. min)

2-1 (straffe 43. min) Eirik Torkelsen Haugsgjerd

2-2 (48. min.)

3-1 (78. min.) Martin Sydnes

Gult kort

Sveio: Erik Sydnes, Eirik Torkelsen Haugsgjerd, Peter Vikse, Martin Sydnes og Selmer Sandaas

Torvastad 2: Jakub Kamil Zieziulewicz. Sebastian Oa Våge og Jonas Syvertsen Eide

— Det vart siger til slutt, men det satt langt inne ei stund, seier Henrik Grasdal Larsen.

Trenaren for Sveio sitt herrelag er nøgd med måndagens siger, men legg ikkje skjul på at det var ein stygg affære.

— Det var dårleg stemning frå begge lag, seier Larsen.

Mista kontroll

Sveio vann 3-2 mot Torvastad 2. Dei scora først og auka leiinga kvar gong bortelaget utlikna. Undervegs fekk dei fem gule kort, og Torvastad fekk tre.

— Det kunne ha vore dobbelt så mange gule kort, og mogelegvis nokre raude, seier han.

Trenaren meiner at dommaren mista litt kontroll over kampen og at folk dermed fekk gjera litt som dei ville.

— Det var ein del tofot-taklingar, mest frå Torvastad. Dommaren tok ikkje tak i det, og så blei det dårlegare og dårlegare stemning på banen, seier han.

Litt krig

Frustrasjon blant spelarane bygga seg opp på begge sider, og etter pausen tok det seg verkeleg opp.

— Andre omgang var prega av mykje stygge taklingar, kjefting og slikt, seier han.

Larsen summerer kampen slik.

— Det var nærmast krig, men me fekk drege det i land.

— Sveio vann, men var det dykk som kontrollerte kampen?

— Ja, men det var ikkje så mange store sjanser. Me hadde eit par og skulle ha scora på fleire, men det vart slik det vart, seier han.

Jubelbrøl

På tross av den høge temperaturen meiner han at dei raude viste seg bra fram. Han gjev ros til spelarane som fortsatte å kjempa og jobba for siger på tross av dårleg stemning.

— Me har blitt eit meir modent lag. Uansett kva som skjer står me på og gjer det me kan, seier han.

— Et det nokre augeblikk du ynskjer å trekka fram?

— Det må vera 3-2 målet til Martin Sydnes då me tok leiinga igjen. Då var det mange som fekk utløp for mykje aggresjon. Då kom det jubelbrøl frå samtlege, berre ikkje dei i grønt, humrar han.

Trenaren fortel at det var eit veldig fint mål. Med 12 minutt igjen av kampen meiner han at spelarane også gjorde ein god jobb å halda stillinga.

— Det var ikkje ein fin fotballkamp, men me drog det i land, avsluttar Larsen.

Tabellen

Powered by Labrador CMS