NPK-NTB: Denne veka skreiv Motor at Bilimportørenes Landsforening (BIL) har bede om å utsetje det varsla momspåslaget ein månad – frå 1. januar til 1. februar. Grunngivinga var å få tid til å handtere alle dei nye bilane som er på veg inn til landet.
Mange opplever at den nye bilen blir dyrare enn planlagt på grunn av forseinkingar i leveransane.
Statssekretær Lars Vangen (Sp) i Finansdepartementet skriv i ein e-post til Motor at frustrasjonen er forståeleg. Likevel meiner han at bilbransjen alltid må ta høgd for moglege avgiftsendringar og leveringsutfordringar. Det må også kundane få god beskjed om.
– Endringane i momsfritaket for elbilar vart varsla i revidert nasjonalbudsjett allereie 12. mai 2022. Innstramminga har derfor vore kjent relativt lenge, og aktørane har hatt god tid til å tilpasse seg, skriv Vangen.
– Finansdepartementet har heimel til å gjere unntak frå regelverket i særlege tilfelle, men kan ikkje bruke denne fullmakta til å gi ei generell utsetjing av Stortingets dato for iverksetjing, avsluttar han.
Frå 1. januar blir det altså moms på elbilar for den delen av kjøpesummen som er over 500.000 kroner. Det kjem også ei eiga vektavgift som rammar dei tyngste elbilane hardast. Kvar kilo over 500 kostar kroner 12,50. Ifølgje Naf vil dei fleste nye elbilar bli 20.000–30.000 kroner dyrare.