nyhende
Ny eigar med mange planar for nærbutikken
Per Magnus Grøsvik frå Stord skal frå februar drive nærbutikken i Valevåg vidare. — Målet er ein sjølvbetent butikk, som er open døgnet rundt heile året, seier Grøsvik.
Vestavind har tidlegare meldt at nærbutikken i Valevåg ville få ny eigar. No er det offisielt kven som overtar. Per Magnus Grøsvik, som kjem frå Stord, er den komande eigaren av nærbutikken på Valevåg.
— Eg gler meg veldig til å overta, seier Per Magnus Grøsvik.
Han fekk først høyre at nærbutikken var til sal i mars 2022, og spurde Laila Vikse Lie og Harry Lie om dei kunne møtast. Men, då var dei allereie i samtalar med nokon andre.
— Eg fekk eit høfleg nei, seier Per Magnus Grøsvik.
Så falt samtalane gjennom i november, og Laila og Harry kontakta Grøsvik.
— Eg fekk ein sms då eg var på ferie i Colombia. Så stakk eg innom då eg var komen heim, seier Grøsvik.
— Han har vore veldig framoverlent og det har vore ein kjekk prosess. Det har skjedd noko kvar veke, seier Laila Lie.
Sjølvbetent framtid
Grøsvik har store planar om utbetring av butikken og opningstidene. Den skal på sikt verte litt mindre, men samstundes meir open.
— Me skal byggje om slik at butikken vert maks 100 kvadratmeter. Då kan den vere open på søndagar. Planen er å få inn ei automatkasse som kan nyttast utan at det er tilsette til stades. Målet er ein sjølvbetent butikk, som er open døgnet rundt, heile året, seier Grøsvik.
På dagtid ynskjer han framleis å ha ein tilsett til stades. Og, endringane ligg eit stykke fram i tid forklarar han.
— Det er veldig lang bestillingstid på automatkasser. Dei har sagt til meg mellom seks til tolv månadar. Men eg skal presse på, slik at me får det så fort som mogeleg, seier Grøsvik.
Grøsvik trur moderniseringa av butikken vil gjere godt for både Valevåg og omsetninga.
— Utanom fastbuande er det også 300 hytter i nærleiken, som no har ein open nærbutikk. I tillegg kjem all båt-trafikken om sommaren, seier han.
Ein utfordring som kan kome er uttak av, eller betaling med, kontantar. Det vert ikkje mogeleg med ei automatkasse. Men, Grøsvik trur det finnast ei løysing.
— Det kan hende at me får ei eiga kasse som gjer det mogeleg å ta ut pengar, seier han.
Nostalgi for Valevåg
Forutan sjølvbetente og automatiske kasser ynskjer han også å sjå nærare på post i butikk. Det er noko Laila Lie kan skrive under på at det er det eit behov for.
— Du må berre prøve, for folk vil ha det, seier ho.
Ho og Harry har sjølv forsøkt tidlegare og fått avslag. No håpar ho at Grøsvik gjer eit nytt forsøk.
Den nye eigaren seier han vil vidareføre ei ordning med utkøyring av varer.
Grøsvik er så langt nøgd med korleis prosessen har vore.
Han hadde måndag eit møte med Valestrand bygdalag og seier han fekk positiv respons.
— Me er veldig glade og takksame for at nokon ser framtid i- og har gode ønskjer for butikken. Planane deira er utruleg spanande, og me er heldige som får dette tilbodet i bygda vår, seier Anne Lise Økland, leiar i bygdalaget.
Dei to utgåande eigarane er veldig glade for å ha selt til Grøsvik. Sjølv om dei kjem frå kvar si side av Bømlafjorden, så meiner dei han er ein god overtakar.
— Det vert berre 22 minutt med køyring, seier Grøsvik
— Det hadde vore verre om det framleis var ferja du trengte, seier Lie
Fire år på å kome seg
Bakgrunnen til Grøsvik har vore sjølvstendig næringsdrivande sidan han vart ferdig med utdanninga si på BI.
Då starta han eit selskap som selde heime-pc, og fekk store kundar som DNB og Aker. Seinare dreiv han med mannskapslogistikk for skipsnæringa, men så vart han råka av noko alvorleg.
— For fire år sidan fekk eg hjerneslag og var heilt ute i fem veker. Eg var veldig redusert, og har brukt dei siste fire åra på å kome meg, seier han.
Difor vert det ein mjuk overgang til livet som butikkleiar. Og med seg på laget har han partner Trygve Rolland, som han seier har lang erfaring med daglegvarer.
— Eg har ikkje noko erfaring med det, seier han.
— Det hadde heller ikkje me, seier Lie
— Ja, så difor har eg mykje å lære av Laila, seier Grøsvik.