nyhende
Ny E39: — Stort og inngripande
Sveio kommune har gjeve ei mellombels tilbakemelding til Statens Vegvesen, som har bede alle dei berørte kommunane om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til sitt planarbeid for ny firefelts motorveg gjennom Bokn, Tysvær og Sveio.
Sveio kommune slår i brevet til Vegvesenet fast at ny E39 gjennom Sveio vil vera eit stort og inngripande prosjekt på fleire område som vil føra til ein del utfordringar for Sveio-samfunnet. På generelt grunnlag ber kommunen om at dette blir lagt til grunn vidare i planarbeidet. Det blir elles referert til synspunkt som har blitt presentert i dialogmøte mellom kommunen, Statens vegvesen og konsulentselskapet Rambøll innanfor ulike interesseområde, særleg landbruk, og kommunen ber om at desse momenta må følgja planarbeidet vidare.
Ønskjer tunnel-løysingar
Elles peikar kommunen på følgjande punkt:
• Naturmangfald betyr mykje for Sveio kommune og må takast særskilt omsyn til i planlegginga.
• Synlege inngrep i naturen må avgrensast mest mogeleg, særleg i sårbart landskap i tillegg til i Førde-bygda som vil få vegen tett på seg. Tunnelløysingar må prioriterast på dei stadene der veganlegget grip sterkt inn i verdfulle naturområde og i nærområda til eksisterande busetnad.
• Kryssløysingane for ny E39 vil bety mykje for Sveio. Det er difor viktig at Hopekrysset blir framtidsretta og tek høgde for ny kryssing av Bømlafjorden på ein funksjonell måte, og at det blir sikra ei permanent kryssløysing med tilkopling til E39 i denne delen av kommunen framover.
• Like eins må det sikrast at nytt Haukåskryss både får ei tenleg plassering og ei utforming som legg til rette for god tilkomst kombinert med framtidsretta utvikling til denne delen av kommunen.
• Joavatnet som drikkevasskjelde er svært viktig for Sveio kommune og må skjermast mot all tenkjeleg forureining. Det er den samanheng avgjerande at det blir teke høgde for nødvendige tiltak i nedslagsfeltet for å sikra drikkevasskjelda for all framtid. Tunnelløysing må vurderast.
Ønskjer rask avklaring
Kommunen trekk også fram at det for tida arbeidd med rullering av kommuneplan for Sveio kommune. For samfunnsdelen er det gjort politisk akseptvedtak, medan arealdelen er under utarbeiding.
— Det er difor viktig for Sveio kommune å få rask avklaring på traséval for ny E39 for å få dette med i kommuneplankartet t.d. med synleggjering av bandlagde område eller omsynssoner. Framdriftsplanen for kommuneplanarbeidet legg opp til politisk godkjenning i inneverande kommunestyreperiode, seinast hausten 2023, heiter det i brevet som er ført i pennen av einingsleiar for plan og næring, Bjarne Hetlesæter.
Statleg eller kommunal?
Kommunen har førebels ikkje teke stilling til om planen bør vere kommunal eller statleg.
—Det kan vera både fordeler og ulemper med begge alternativa, skriv kommunen.
Frå Sveio kommune sin ståstad blir det uansett lagt stor vekt på medverknad frå både det offentlege og ikkje minst alle andre interessentar i høve til planlegging og bygging av ny E39 gjennom kommunen. Det blir difor lagt til grunn at dette blir følgt opp av Statens vegvesen gjennom heile prosjektet fram til vegen er ferdig bygd og teken i bruk.
Sakshandsamaren legg i brevet til at kommunen elles har for lite informasjon til å kome med for mange synspunkt no, men at dei vil koma tilbake med meir utfyllande innspel og tilbakemeldingar når planprogrammet føreligg og blir lagt ut på høyring, og det blir opna for merknader i samband med dette.