nyhende
Ny E39: sjå forslaga for Sveio
Statens vegvesen har to alternativ for ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden. Sveio må sjølv velja kva trasé dei ynskjer, og det vil uansett gå utover nokon. – Førde vert vanskelegast, seier Henry Damman i Statens vegvesen.
– Er me heldige kan det vera opning i 2038, seier Henry Damman frå Statens vegvesen.
Torsdag låg han fram prosjektet ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden. Den kjem til å gå gjennom tre kommunar, ein av dei er Sveio.
Spår utfordringar om habilitet
Saman med Tysvær og Bokn må lokalpolitikarane i Sveio ta stilling til kva trasé dei ynskjer av ny E39 gjennom kommunen deira.
– Det er to alternativ. Eit kor me har held oss så nær eksisterande veg og busetting som mogeleg, og eit anna kor det er meir frittståande ute i naturen, forklarar Damman.
I klartekst betyr det at dei lokale må velja mellom alternativet som går mest utover urørt natur, eller det som påverkar flest grunneigarar. Damman spår at det vert vanskelege avgjersler å ta.
– Det er formannskapa og kommunestyra som må avgjera dette. Mange av dei kan vert råka av planane sjølve, og det kan vera vanskeleg med habilitet, seier Damman.
Fire strekningar
I forkant av torsdagens kunngjering har om lag 140 grunneigarar i dei tre kommunane motteke brev om at dei kan verta råka av planane. Det er ikkje sikkert kor mange av dei 140 som vert råka til slutt.
– Me kan tilpassa vegen til kva dei forskjellige kommunane ynskjer, seier Damman.
Eit positivt moment er at Sveio kan ikkje «øydelegga» for Tysvær eller Bokn. Dei har utforma alternativa slik at det er berre er ei mogelegheit ved kommunegrensene. For Sveio er det i hovudsak fire strekningar kor dei to alternativa skil seg frå kvarandre:
- Hope til Bømlafjordtunnelen
- Førde
- Krossgått til Hanaleite
- Sør mot grensa til Tysvær
Dyrt
Nord i kommunen er det strekninga frå Hope til inngangen til Bømlafjordtunnelen. Det skal koma ein ny tunnel, men det er ikkje del av dette prosjektet fortel Damman.
– Her må dei enten gå gjennom Husafjellet med tunnel, eller vest for det, seier han.
Ut i frå karta dei har lagt fram verkar det som tunnelalternativ går minst utover dei lokale.
– Men, me er bedne om å ta i bruk tunnel berre når det er absolutt naudsynt fordi dei er så dyre å bygga og drifta, seier Damman.
Her vert ein av dei to påkøyrslene til nye E39 som ligg i Sveio.
Unngår drikkevatn
Særleg tydeleg at det ikkje finst skadefrie alternativ er strekninga gjennom Førde.
– Det er det vanskelegaste området i Sveio og vil gå utover flest grunneigarar, seier Damman.
Begge alternativa byrjar aust for og parallelt med dagens E39 på Hanaleite. Alternativ 1 legg til rette for eit kryss og påkøyrsel i Førde, og tek vegen gjennom Førdebygda. Denne vil gå vest for kyrkja og påverka flest grunneigarar.
Alternativ 2 ligg lengre aust, utan kryss i Førde, og vil vera aust for kyrkja. Dette går meir utover naturen. Damman seier at uansett kva alternativ ein vel, så vil det vera synleg og noko ein kan høyra.
– Me skal kunna støyisolera bra, men det er noko å ha ein motorveg som går gjennom bygda, seier han.
Det som er positivt med begge alternativa er at ingen av dei kjem nær Joavatnet, som er eitt av to drikkevatn i kommunen.
Inviterer til folkemøte
Strekninga Krossgått til Hanaleite avgjer også kvar ein av dei to påkøyrslane til E39 vert. Kort forklart ligg begge alternativa aust for noverande E39, men på kvar si side av Haukåsvatnet.
– Begge vil gå utover landbruk, men det lengst vest har meir myrområde i seg, seier Damman.
Om ein vel alternativet lengst vest kjem påkøyrselen nærmare dagens kryss mellom E39 og Fylkesveg 47. Vel ein det andre vert det truleg ved Krossgott. Begge strekningane endar opp ved Hanaleite, aust for og parallelt med dagens E39.
Lengst sør står valet mellom ein ny veg aust for Vigdarvatnet ved sidan av dagens E39, eller ein ny veg lengre vest med bru over Kollesundet i Vigdarvatnet.
I november kjem dei til å halda folkemøte på grendahuset i Førde, og open dag på kommunehuset, fordi dei ynskjer veldig gjerne at folk skal engasjera seg.
– Det er no folk har mogelegheit til å påverka dei store vala, seier Damman.
– Dei neste hundre år
Sjølv om noko eksisterande veg kan nyttast, så er det eit bevisst val å bygga ny motorveg i staden for å fornya dagens E39.
– Eksisterande veg trengs til treigare trafikk og for å fungera som parallell lokalveg, seier Damman.
Han oppmodar alle til å delta på møtet og sjå på planane. Vegvesenet håpar på vedtak frå dei tre kommunane i løpet av 2025, men er førebudd på at det kan ta lengre tid.
– Å bygga firefelts motorveg vil visa, det skal me ikkje underslå. Når me skal bygga motorveg på Vestlandet i slik natur, då skal det veldig mykje til for at me ikkje får innvendingar, seier han.
Målet deira er ein god prosess kor det til slutt vert fatta eit vedtak som gjer at dei kan koma i gang. Og går det slik dei vil, så lovar dei at det vert lenge til neste gong.
– Me vil bygga ny veg som er dimensjonert for dei neste hundre åra, avsluttar Damman.