nyhende

Bilar i kø ved testsenter. Pågangen for å bli testa for covid-19 har auka i takt med det aukande talet på smittetilfelle den siste tida. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Bilar i kø ved testsenter. Pågangen for å bli testa for covid-19 har auka i takt med det aukande talet på smittetilfelle den siste tida.

Ny dyster norsk smitterekord

Det siste døgnet er det registrert 5.355 koronasmitta i Noreg. Det er ny rekord og 1.215 fleire enn same dag førre veke.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 5.355 koronasmitta i Noreg. Det er ny rekord og 1.215 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.229 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.056, så trenden er stigande.

Førre døgn vart det registrert 5.259 smittetilfelle, noko som betyr ein auke på 96 tilfelle.

Torsdag var 316 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var ni fleire enn dagen før.

I alt 103 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 50 på respirator. Det er åtte fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til fredag var det utført 8,7 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 305.368 personar testa positivt.

Til no har 4.252.749 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.867.978 personar har fått andre og 868.837 har fått tredje dose.

Til saman er 1.135 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

59,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS