nyhende
Mellombelse tiltak for å unngå dagbøter i Førde:
Ny brannstasjon forseinka av E39
Forslag til detaljreguleringsplanar for begge tomtealternativa som er aktuelle for ny brannstasjon i Førde, blir no lagt ut på høyring.
Samstundes vedtok kommunestyret måndag at rådmannen får fullmakt til å utgreia og vurdera mellombelse tiltak av fysisk og organisatorisk art for Førde brannstasjon. Dette arbeidet skal gjennomførast ved bruk av interne ressursar i Sveio og Haugesund. Det blei også vedtatt at verneombod skal vera inkludert i prosessen, og at dei mellombelse tiltaka ikkje skal påverka den noverande beredskapen og tenestene som brannstasjonen leverer.
Mellombelse tiltak er nødvendige for å unngå dagbøtene som Arbeidstilsynet har varsla frå 2026 om ikkje arbeidsforholda for brannmannskapa i Førde blir betra. På grunn av E39-planlegginga blir ny brannstasjon forseinka. Eit fysisk tiltak kan vera at mannskap frå Førde brannstasjon må returnera til Sveio for reingjering etter utførte oppdrag.
– Pengar ut av vindauget
Vedtaket som nemnt ovanfor er i tråd med eit forslag frå Sondre Natås Strand (KrF) og blei vedtatt med 14 stemmer.
– Det er synd å kasta pengar ut av vindauget, sa Strand mellom anna då han presenterte forslaget.
For han var det viktig å bruka dei ressursane som finst innan brannvesenet både i Sveio og Haugesund for å utgreia mellombelse tiltak. Rådmannen sitt forslag opna for ny beredskapsanalyse for å avklara desse spørsmåla. Høgre, Frp og TvF stemte for rådmannen sitt forslag.
Kommunestyret vedtok samrøystes at saka skal behandlast på nytt snarast mogleg hausten 2025 og at eventuelle kostnader skal førast på brannstasjons-prosjektet.
Innanfor plansona for E39
Dei to tomtealternativa ligg begge innanfor plangrensa for ny E39, der det blir arbeidd med to ulike alternativ. Statens vegvesen har varsla motsegn dersom sveiopolitikarane går inn for å plassera brannstasjonen ovanfor barnehagen. Vegvesenet kan gå med på det andre alternativet, som er å byggja brannstasjonen like overfor Førde skule, ved den såkalla telefonkiosken. Men då vil vegvesenet krevja nytt felles kryss for trafikken frå brannstasjonen og Hjartåsen. Nytt kryss vil kosta 10-20 millionar kroner. Ordførar André Mundal Haukås (H) opplyste at kommunen har spurt vegvesenet om dei vil ta desse.