nyhende

Sigrund Breistig (v.) og Bente Hovland Johannessen er spente på kva kommunestyret seier når dei folkevalde samlast i bygningen bak dei 16. desember. Foto: Einar Vestvik
Sigrund Breistig (v.) og Bente Hovland Johannessen er spente på kva kommunestyret seier når dei folkevalde samlast i bygningen bak dei 16. desember.

Ny besøksteneste skal motverka einsemd

Bente Hovland Johannessen og Sigrund Breistig vil gjera det mindre einsamt å vera heimebuande eldre i Sveio. No ventar dei på kommunestyret sin respons.

Publisert Sist oppdatert

Saman med Bent Rune Sinnes utgjer Johannessen og Breistig diakoniutvalet i Sveio sokneråd. Diakoniutvalet har tatt initiativet til pilotprosjektet «Besøkstjeneste for vår tid» og laga ei utgreiing om dette.

Gåvepakke frå Gjenbruksløa

Gjenbruksløa har sagt ja til å yta 300.000 kroner kvart år dei neste tre åra til finansiering av ei 50 prosent prosjektstilling for soknediakon. Diakonen si oppgåve blir å få besøkstenesta i gang. Føresetnaden er at kommunen stiller opp med eit tilsvarande beløp som Gjenbruksløa.

Rådmannen er positiv og har tilrådd at kommunen skal bidra. Forslaget er ein del av budsjettforslaget for 2025 og økonomiplanen for dei neste tre åra. Kommunestyret vedtar budsjettet og økonomiplanen 16. desember.

Breistig og Johannessen fortel at Sveio sokneråd lenge har arbeidd for å få oppretta ei diakonstilling. Etter samtale med tidlegare leiar av helsestasjonen for eldre, Solveig Gravelsæter, blei det bestemt at ei slik stilling skulle øyremerkast arbeid for eldre.

Einsemd eit stort problem

– Gravelsæter har gjort ei kartlegging som viser at svært mange eldre bur åleine, og mange av desse er einsame. Det kan i seg sjølv vera årsak til sjukdom, seier Breistig, som har sjukepeleiarbakgrunn og underviser på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Johannessen er pensjonert sjukepleiar. Dei siste åra i arbeidslivet leia ho den psykiske helsetenesta i Sveio, men ho har også erfaring frå heimetenesta.

– Den gongen merka me også at dei eldre hadde stort behov for å snakka med nokon, i tillegg til den fysisk pleien. Då kunne me i nokon grad møta dette behovet, no har heimetenesta sine folk det mykje meir travelt, seier Johannessen.

Normalt blir diakonstillingar i kyrkja finansierte gjennom eit spleiselag mellom bispedømmet og kommunane. I denne omgang har ikkje Bjørgvin bispedømme midlar å avsjå til Sveio. Trass i bidraget frå Gjenbruksløa er difor pilotprosjektet heilt avhengig av at kommunen seier ja.

Helsefagleg bakgrunn

Dersom også politikarane seier ja, blir neste steg å lysa ut ei 50 prosent prosjektstilling for diakon. Breistig og Johannessen ser for seg ein person med helse- og sosialfagleg bakgrunn til denne stillinga, for eksempel sjukepleiar eller vernepleiar. Dei håpar personen kan vera på plass i stillinga i løpet av våren eller føresommaren.

Diakonen skal samarbeida med heimetenesta. Første oppgåve blir å gå på besøk til dei som ønskjer det, anten kontakten blir formidla gjennom heimetenesta eller direkte til diakonen. I neste omgang blir det også diakonen si oppgåve å etablera eit korps av frivillige som også kan vera med i besøkstenesta.

– Og sjølv om dette er eit diakonalt prosjekt med kyrkjeleg tilknyting er tilbodet livssynsnøytralt, understrekar Johannessen.

– Svært positivt

– Me ser svært positivt på initiativet frå diakoniutvalet, seier kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft i ein kommentar til Vestavind.

Ho seier at kommunen ser behovet for å knyta til seg frivillige for å møta utfordringane som eit aukande tal eldre vil representerer i åra framover. Og Toft meiner at den organiseringa av frivillig innsats i samspel med fagfolk som diakoniutvalet har foreslått, vil fungera bra.

Powered by Labrador CMS