nyhende
Ny attraksjon på Ryvarden
Ryvarden har fått ein ny attraksjon. Natt til julaftan dukka det opp ein solid trestol i regnbogefargar ved fyret.
Under stjernehimmelen natt til julaftan luska ein kar seg frå parkeringsplassen i Mølstrevåg og ut til Ryvarden fyr.
Det var ikkje julenissen, men ein vel så gåvmild tysværbu som var på tur. Og det var ikkje kva som helst han hadde i sekken sin. Eller utanpå, for å vere heilt presis.
Der hang det ein 20 kilo tung og trestol måla i regnbogefargar.
— Kjekt å gle andre
Stolen har han snekra og måla sjølv, heime i garasjen.
— Det er berre litt for gøy, også er det kjekt å kunne gle andre, seier han til Vestavind.
Han seier at fargevalet ikkje betyr noko spesielt for han sjølv.
— Men regnbogefargane er jo i vinden om dagen, så kvifor ikkje. Folk får meine kva dei vil om det, eg synes det er fine fargar, seier han.
Faren var fyrvaktar
At det var nettopp Ryvarden fyr som skulle få stolen er ikkje heilt tilfeldig.
— Eg plar å gå turar til Ryvarden. Det har samanheng med at far min var fyrvaktar ein gong i tida. Rett nok ikkje på Ryvarden, men på eit fyr utenfor Kristiansund. Difor har eg ei ekstra interesse for fyr, fortel han.
— Har du tradisjon for å gå tur natt til julaftan?
— Hehe, nei. Det var no berre slik at eg fekk anden over meg akkurat då, seier han.
Andre gongen
Karlsen jobbar som elektrikar til dagleg, og har nevenyttige nevar som kan meir enn kople straumleidningar. Møbelsnekring er ein av hobbyane han har. Og dette er andre gongen han har laga stol og plassert den ved eit turmål, slik at dei som vil kan setje seg ned og ta ein kvil. Den første vart sett ut på Helgelandsfjellet i Tysvær. Det var ein idé han fekk under pandemien.
— Så får me sjå, om det blir nokre fleire «julepek» etter kvart, humrar han.