nyhende
Ny asfalt for 1,1 milliardar
Statens vegvesen skal reasfaltera 700 kilometer av riks- og europavegane dette året. Asfalteringsprogrammeet omfattar inga strekning av E39 gjennom Sveio.
Asfalteringsprogrammeet for 2024 omfattar inga strekning av E39 gjennom Sveio.
Det går fram av ei pressemelding vegvesenet har sendt ut. Til dei vegane som skal asfalterast, vil det gå med 550.000 tonn asfalt. Kostnaden blir på totalt 1,1 milliardar kroner. Det er inngått kontraktar med 24 asfaltentreprenørar som skal utføra arbeidet.
Statens vegvesen arbeidar med eit fireårig vedlikehaldsprogram som asfalteringa er ein del av, forklarar Thor Asbjørn Lunaas.
Han er teamleiar for asfalt innan vegvesenet, og oppfordrar alle vegfarande til å ta omsyn til asfaltarbeidarane når arbeidet kjem i gang.