nyhende
Null omkomne i ulykker med fritidsbåtar i første kvartal – ikkje skjedd på 25 år
For første gong sidan Sjøfartsdirektoratet byrja å registrera ulykker med fritidsbåt i 2001, er det ikkje registrert nokon omkomne i første kvartal 2026.
Nyheita kjem samtidig som påska markerer starten på ein ny båtsesong, ei tid der mange nordmenn igjen tek fritidsbåten i bruk, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.
Store svingningar
– Dette er ei utvikling me ønskjer, seier Siv Haugvaldstad Bygnes, kommunikasjonsrådgivar i seksjon for fritidsfartøy.
Samtidig understrekar ho at utviklinga ikkje gir grunn til å senka skuldrene.
Dei siste åra har nemleg vore prega av store svingingar, med både historisk høge og historisk låge dødstal i fritidsbåtulykker.
Redningsvest kan gjera skilnaden
– Sjøfartsdirektoratet jobbar målretta mot ein nullvisjon for hardt skadd og omkomne i fritidsbåtulykker, seier Haugvaldstad Bygnes.
Eitt enkelt val kan utgjera forskjellen: redningsvest.
Tal frå dei siste fem åra viser at 99 av dei 141 menneska som omkom i ulykker med fritidsfartøy, ikkje brukte redningsvest.