nyhende
– Null effekt av tidleg testing av skulebarn
Tidleg testing av skulebarn betyr ingenting for korleis dei presterer fagleg når dei blir eldre, ifølgje forskarar ved NTNU.
Testane verkar heller ikkje inn på den psykiske helsa til elevane eller korleis dei trivst på skulen.
– Vi fann absolutt null effekt, seier NTNU-professor Colin Peter Green til forskingsmagasinet Gemini. Han har undersøkt om tidleg testing påverkar norske 7-9-åringar med omsyn til læring, trivsel og skulemiljø.
Kartlegging og testar i småskulen er omstridd i Noreg. Tilhengjarane argumenterer for at det er gode verktøy for å finne elevar med ekstra læringsbehov tidleg. Nokre meiner også det kan inspirere elevane til å fokusere på skulen og prestere betre.
Motstandarane hevdar testing kan skade den psykiske helsa til barn, og at stress, press og fokus på snevre resultat går ut over trivsel og skulemiljø.
Den aktuelle studien viser at to til tre ganske tøffe mattetestar i tidleg skulealder, ikkje hadde noko å seie for korleis barna presterte på dei nasjonale rekneprøvene seinare. Dette gjaldt same kva kjønn, bakgrunn, utdanningsnivået til foreldra, om barna var fødde tidleg eller seint på året, eller andre forhold.
– Vi finn heller ikkje noko som tyder på at det går ut over trivsel i skulen, seier Green, som er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU.
Han meiner det viktigaste som kom ut av undersøkinga, er at det ikkje finst ein vedunderkur som får matteprestasjonar til å gå i vêret eller aukar trivselen på skulen.