nyhende

Distriktspolitikk med Sveio i hovudrolla:

Bilkortesje frå Valevåg 11. april 2021.kortesje protest grendaskular opptog
Bakruta på ein bil er dekorert til bilkortesja søndag 11. april.

NRK var tett på skulekampen – søndag kjem dokumentaren

Folk som lever det urbane liv har naturleg nok ikkje kjennskap utfordringar i distrikta, kontrasten frå bygd til by er stor. I «Brølet frå bygda» vil landet få sjå korleis engasjementet var i Sveio då to skular stod i fare for å bli lagt ned.

Publisert Sist oppdatert

Det blir sjeldan nasjonale oppslag av at ein skule blir lagt ned i ein distriktskommune, men det kan vera ei stor og opprivande sak for dei som blir råka. Som i vår, då eit vanvittig stort engasjement oppstod for å behalda to skular i Sveio. Folk kom fram i lyset og stod opp for bygda si.

Tilsvarande rundar har sveibuen, og mange andre kommunar i landet hatt før, med varierande utfall.

Det blir sjeldan nasjonale oppslag av at ein skule blir lagt ned i ein distriktskommune, men det kan vera ei stor og opprivande sak for dei som blir råka. Som i vår, då eit vanvittig stort engasjement oppstod for å behalda to skular i Sveio. Folk kom fram i lyset og stod opp for bygda si.

Tilsvarande rundar har sveibuen, og mange andre kommunar i landet hatt før, med varierande utfall.

Distriktspolitikk

Mange av dei som bur i Oslo og andre store byar, veit lite om kva krefter som kan oppstå når sentraliseringa kjem til distriktet. Programleiar og journalist i NRK, Hege Moe Eriksen har på nært hald sett at distriktspolitikken er ei viktig sak for mange.

Fire dagar i Sveio har blitt til ein prosessdokumentar. Programleiar og journalist Hege Moe Eriksen har over 20 års fartstid i NRK og har jobba mykje utanriks. Til vanleg er ho programleiar i nyheitene på NRK.

– Me registrerer ein del misnøye ute i distrikta med ulike saker. Me hadde lyst til å reisa ut og komma tett på folk, for å prøva å forstå korleis situasjonar blir opplevd. Forskarar hevdar at nedbygging av distrikta har foregått gjennom mange år, seier Eriksen til Vestavind.

– Interessant

Det var fleire aktuelle skulesaker på den tida, men valet fall på Sveio. I lag med Roy Kenneth Sydnes Jacobsen reiste dei frå hovudstaden til Sveio. Torsdagen, fire dagar før det avgjerande kommunestyremøtet, begynte dei å gjera opptak og intervju. NRK-duoen følgde kampen, tett på dei som var i konflikt med beslutningstakarane.

Då opptak til «Brølet fra bygda» blei gjort, var Roy Kenneth Sydnes Jacobsen på gamle trakter. Han er nemleg oppvaksen i Auklandshamn, men flytta til Austlandet for 16 år sidan. For dokumentarserien har han vore fotograf, hatt regi og stått for klipp.

– Det var utruleg interessant. Det er ein del saker ein aldri høyrer noko om, og når me reiser ut på bygda oppdagar me at utruleg mykje står på spel for folk. Når ein skule blir lagt ned, vekker det sterke kjensler i folk, anten ein er på eine eller andre sida. Det betyr utruleg mykje for familiar, lokalsamfunn og kommune, seier Eriksen.

Toppa seg

Mykje skjedde i dagane det blei filma. Det var intenst.

–  Konflikten toppa seg vel nærmast då me var der. Det blei arrangert både bilkortesje og vardebrenning. Det var eit voldsomt engasjement i bygdene for saka, det gjorde inntrykk, seier Eriksen, som synest Sveio var ein flott plass å vera.

For å belysa den andre sida av saka, er ordførar Linn Therese Erve intervjua. Ho fortel om prioriteringane frå kommunen si side.

Tilgjengeleg frå søndag

–  Det var viktig å få høyra kommunen sine synspunkt, for kva er rett å gjera i ein slik situasjon? Det var det denne konflikta bestod i, oppsummerer Eriksen.

– Serien er eit forsøk på å bygga bru mellom by og land, og prøva å løfta fram ein tematikk som ein kanskje ikkje ser i sentrale strøk.

Dokumentaren på rundt 50 minutt blir sendt på NRK1 søndag kveld, og er ein del av valsatsinga til NRK. Det er to andre dokumentarar i serien, som tar føre seg om ei fødeavdeling som blir lagt ned, og eit vindkraftverk som skapar splid.

Powered by Labrador CMS