nyhende

Ole André Hammerøy og Lars Korvald er med i serien som grunnstøytte i Sveio.
Ole André Hammerøy og Lars Korvald er med i serien som grunnstøytte i Sveio.

NRK-ekspedisjon gjekk på grunn i Sveio

To kjærestepar følgjer draumen og seglar langs norskekysten for å dykka i eit år. I Sveio heldt det på å gå heilt gale.

«Under overflata» blir sendt på NRK. I episode to møter dei bokstaveleg talt skjer i sjøen ved Lindøya i Førdespollen.

To par drøymde om ein fantastisk norgesreise under vatn. Dei hadde studert saman og jobba litt. Så selde dei alt dei eigde og satsa på draumen og eventyret. I 2019 la dei ut. Men livet i båt var utfordrande med dårleg vêr, trongt og meir vedlikehald enn dei rekna med.

Ved Lindøya i Førdespollen fann dei paradiset. I ein skjerma lagune kunne dei slappe av og nyte livet, skriv NRK i ei pressemelding til Vestavind.

Plutseleg small det skikkeleg. Dei var på veg ut av det grunne farvatnet ved Lindøya, og kapteinen hadde ikkje sett godt nok på kartet.

Skrape på kjølen

Dei vart ikkje sitjande fast på skjeret, men båten måtte sjekkast for skadar. Heldigvis viste eit dykk at det berre var ei mindre skrape på kjølen. Hadde skjeret treft litt høgare opp på kjølen kunne det ha betydd full stopp for heile prosjektet og draumen til dei fire.

Etter grunnstøytinga i Sveio har dei fire reist langs heile kysten og opplevd mykje.

I denne laguna ved Lindøya fann dei to para roen.
Powered by Labrador CMS