– Vold var mykje meir utbreidd i det norske samfunnet i vikingtida enn i Danmark, seier professor Jan Bill ved Universitetet i Oslo (UiO) til NRK.
Bill er ein av forskarane bak den nye studien, som er eit samarbeid mellom UiO, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og amerikanske University of South Florida.
Studerte skjelett
Studien har mellom anna undersøkt norske og danske vikingskjelett og studert vikinggraver i dei to landa.
– Det er mykje hoggskadar på dei norske skjeletta. Mange fleire norske skjelett viste spor av hogg og slag samanlikna med dei danske, seier Bill.
Forskjellane er ganske store. Over ein tredel av dei norske skjeletta ber preg av dødeleg vald, medan hos danskane gjaldt det same for berre 6 prosent.
Mengda våpen var mykje større i dei norske vikinggravene – heile femti gonger så mykje.
Forskarane peikar på at denne store forskjellen kjem av at norske og danske vikingar hadde ganske ulike samfunn.
Ulik organisering
Danskane hadde organisert samfunnet sitt i større grad og hadde til dømes fleire større byggjeprosjekt, og folk hadde eigne samfunnsroller.
– I Danmark la ein meir vekt på interessene i samfunnet, seier Bill.
Danskane hadde også fleire avrettingar, så det kan verke som også valden var meir organisert.