nyhende

Frps energipolitiske talsperson Marius Arion Nilsen, omtalar straumprisane som «tidenes skatteauke». Foto: Javad Parsa / NTB/ NPK
Frps energipolitiske talsperson Marius Arion Nilsen, omtalar straumprisane som «tidenes skatteauke».

Norske straumkundar betalte 107 milliardar meir for straum første halvår

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB_ Frp fnyser av straumstøtta til regjeringa. Partiet meiner kraftprisane er ein gigantisk skatteauke.

Kraftnæringa fekk inn 107 milliardar kroner meir for straum første halvår i år enn første halvår i fjor, skriv Aftenposten.

Det viser tal Frp har henta inn frå SSB om omsetninga i kraftnæringa.

Norske straumkundar betalte 214 milliardar kroner for straum første halvår 2022, før straumstøtta slår inn. For første halvår 2021 – som også var eit dyrare straumår enn normalt – er summen 107 milliardar, altså halvparten.

Dei ekstra straumutgiftene første halvår utgjer meir enn dobbelt så mykje som straumstøtta til regjeringa er berekna til å koste i heile 2022, som er 41 milliardar kroner.

– Tala viser kva for ei enorm inndraging i kjøpekraft og lønnsemd for bedrifter som straumpriskrisa medfører, seier Frps Marius Arion Nilsen til Aftenposten.

Nilsen omtaler tala som «tidenes skatteauke». Frp meiner staten bør dekkje 100 prosent av rekninga over 50 øre per kilowattime.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS