Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) er fornøgd med at norske bedrifter er valde ut til å bidra til utviklinga av morgondagens forsvarsmateriell.FOTO: NPK
Norske bedrifter får 500 millionar til å utvikle militærmateriell
NPK-NTB: Den aller første tildelinga frå Det europeiske forsvarsfondet (EDF) er tildelt, og norske aktørar har vunne oppdrag til ein sum av rundt 500 millionar kroner.
Det betyr at norske bedrifter skal bidra til utviklinga av forsvarsmateriell gjennom 17 ulike prosjekt dei neste åra.
– Ein sterk nasjonal forsvarsindustri er viktig for norsk forsvarsevne, og deltakinga vår i EDF har vist seg å styrkje industrien, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding.
Målet med EDF er å bidra til standardisering og felles utvikling av militære kapasitetar. Prosjekta spenner frå utvikling av materiell og våpen til soldatutstyr og IKT-utstyr.
– Krigen i Ukraina har med full tyngd demonstrert behovet for europeisk samarbeid, seier Gram.
Han påpeikar at norsk deltaking i fondet gir betre moglegheit til påverknad.