nyhende
Norsk vêr i kraftfull endring
Klimaendringane har allereie endra det norske vêret dramatisk. Framover kan vi vente oss meir styrtregn og fleire hetebølgjer.
– Heile Noreg blir prega. Klimaendringane gir oss nytt vêr overalt, seier Ole Mathismoen til Nynorsk pressekontor.
Han er miljøskribent og mangeårig journalist. Saman med meteorolog og klimaforskar, Hans Olav Hygen har han sett på korleis vêret kjem til å endre seg i Noreg framover. Det har resultert i boka «Slik blir det norske været», som skildrar korleis vêret, våren, sommaren, vinteren og hausten forandrar seg rundt omkring i landet.
Regn med styrtregn
Eitt av dei vêrfenomena som vil prege Noreg framover er styrtregn. Der det tidlegare gjekk fleire år mellom kvar gong vi opplevde styrtregn, ser vi no at dette er blitt eit vanleg sommarfenomen.
– Og det vil vi få endå meir av framover. Eg vil seie at det er den aller verste og skumlaste endringa vi opplever. Det er ikkje snakk om hyggjeleg Bergensregn. Det er enorme mengder vatn som kjem på ein gong. Kjellarar fløymer over, jordrasa kjem hyppigare og tettstader blir sett under vatn, seier Mathismoen.
Styrtregn er ein direkte konsekvens av eit varmare klima. Meir av vatnet på jorda fordampar og varmare luft held på meir vatn enn kaldt luft. Skyene blir større og bygger seg opp – før dei på eit eller anna tidspunkt brest og sender enorme mengder vatn i retning jorda.
– Kombinert med andre vêrfenomen – som til dømes hetebølgjer, blir styrtregnet endå farlegare. Eit knusktørt landskap toler ikkje store mengder vatn på kort tid, seier klimaskribent Mathismoen.
Adjø vinter
Også årstidene våre kjem til å gjennomgå dramatiske forandringar. Fleire stader i Noreg er det som blir definert som klimatologisk vinter allereie forsvunne. Om nokre tiår vil det gjelde for nesten heile norskekysten.
– Det vil framleis komme snø og det vil vere kalde periodar, men dei vil vare veldig mykje kortare enn før.
Sommaren på si side kjem til å bli lenger, men det er ikkje nødvendigvis så positivt som det kanskje høyrest ut.
– Sjølv om sommaren blir 50 til 100 dagar lenger nokre stadar, betyr ikkje det at vi kan vere på stranda i 50 til 100 dagar til. Temperaturane blir høge, men det blir våtare.
Alle har ansvar
Eitt av måla med boka til Mathismoen og Hygen er å opne auga våre for at endringane er her no, og at vi må tilpasse oss så godt vi kan. Mathismoen meiner vi ligg langt bak med klimatilpassinga.
– Vi er ikkje førebudde. Du kan berre gå ned i sentrum i ein tettstad kvar helst i Noreg under eit uvêr- så vil du sjå det på nært hald. Kumlokka hoppar. Infrastrukturen vår toler ikkje det nye vêret.
Han meiner at både styresmakter og enkeltindivid må gjere tilpassingar.
– Det er politikarane som må rassikre og bestemme kvar det skal vere lov å byggje. Kommunane har eit ansvar for å utbetre kloakksystema. Men også privatpersonar må gjere tilpassingar. Bur du til dømes like ved ein bekk bør du sjå på moglege utbetringar føre eit eventuelt styrtregn. Det er dyrare å rydde opp etterpå enn å ta forholdsreglar, seier han.
Det er likevel ikkje heilt bekmørkt.
– Vi ser jo at klimatilpassingsarbeid får mykje fokus. Og mange har fått auga opp for at dette faktisk skjer her og no. Mange gjer tilpassingar, men vi må gjere meir. Dette forsvinn ikkje, vi må erkjenne at dette er vår nye kvardag, avsluttar forfattar Mathismoen.