nyhende

Kreftforeningen er bekymra over at norsk ungdom røykjer meir enn ungdom i andre nordiske land. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kreftforeningen er bekymra over at norsk ungdom røykjer meir enn ungdom i andre nordiske land.

Norsk ungdom røykjer mest i Norden

Alle nordiske land har hatt ein nedgang i sigarettrøyking blant ungdom sidan 2018, unnateke Noreg, ifølgje ein ny rapport.

Publisert Sist oppdatert

Norsk ungdom i alderen 16 til 24 år røykjer meir enn liknande aldersgrupper i dei andre nordiske landa, viser rapporten.

Andelen er på 19 prosent, nesten 2 prosentpoeng over neste land på lista. Det er Danmark, der 17,4 prosent i aldersgruppa 15 til 24 år røykjer sigarettar. Nedst på lista ligg Island, der berre 6,6 prosent i alderen 18 til 24 år røykjer.

E-sigarettar

Rapporten er bestilt av Nordens velferdssenter, ein institusjon under Nordisk ministerråd, og kartlegg tobakksbruk blant ungdom og unge vaksne i Norden og Baltikum basert på tal frå kvart enkelt land.

Dei norske tala baserer seg på Rusundersøkelsen, som Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomfører årleg.

Bruken av e-sigarettar har auka kraftig til 13 prosent, og Noreg ligg dermed på tredjeplass blant dei nordiske landa.

Nest høgast på snus

Noreg ligg samtidig nest høgast på snusbruk med 30 prosent, ifølgje tala frå 2024, berre slått av Island på 33 prosent. Dei siste tala frå Island er rett nok frå 2023.

Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen er bekymra over det ho omtalar som alarmerande tal.

– No må politikarane komme på banen og innføre offensive tiltak som gjer at Noreg kan bli eit føregangsland, og ikkje halde fram med å vere dei dårlegaste i klassen når det gjeld tobakksførebygging, seier Ross.

Powered by Labrador CMS