nyhende
Norsk julestemning til heile verda
I desse dagar rullar tredje sesong av den norske suksesserien «Hjem til jul» over TV-skjermar verda rundt. Men ikkje alt gjekk på skjener då tredje sesong blei produsert.
– Midt i innspelingsperioden gjekk tempraturen på Røros frå -25 grader til +6 på 13 timar. Det var heilt surrealistisk. Lokale folk rista på hovudet og sa at dette hadde dei aldri opplevd før. Det å sjå naturen sin produksjonsdesign forsvinne framfor auga er heilt forferdeleg. Det er vondt, seier Hallgrim Haug til Nynorsk pressekontor.
Filmfotografen frå Ål i Hallingdal har vore eit sentralt ledd i «Hjem til jul»-serien i alle tre sesongar. No avslører han at ein vellukka produksjon er heilt avhengig av grundig og god førebuing, men at ein alltid må vere klar for å kaste seg rundt om noko uventa dukkar opp.
Julestemning til verda
Første sesong hadde premiere i 2019, og året etter kom sesong to. Begge sesongane blei store sjåarsuksessar – og låg på dei globale topplistene til Netflix over mest sette seriar. Det var difor knytt stor spenning til den nye sesongen, som noko uventa blei annonsert å ha premiere 12. desember i år – fem år etter førre sesong. Og suksessen held fram, berre to dagar etter premieren på tredje sesong hadde serien klart å plassere seg inn på 10. plass på lista over dei globale ikkje-engelskspråklege seriane til Netflix.
– At serien skulle ha eit så breitt nedslagsfelt kjennest merkeleg. Det er vel òg litt det vi har prøvd å få til: Å treffe breitt og ikkje vere redde for å gjere det. Eg trur serien har karakterar og situasjonar som mange kan kjenne seg att i, seier Haug.
I serien følgjer vi Johanne som prøvar å finne kjærleiken, med blanda hell. Med jula som ramme og dei snødekte gatene på Røros som bakteppe er det ingen tvil om at serien legg opp til å gi sjåarane julestemning. Også Haug, som sjølv har budd mange år i utlandet, vedgår at serien gir han kjensla av ekte norsk jul.
– Eg har aldri feira jul nokon annan stad enn i Noreg. Eg er veldig glad i kvit jul, og serien gjer at eg kjem i stemninga, fortel han.
Førebuing betyr nesten alt
Hallgrim Haug har etter kvart ei lang karriere bak seg innanfor film- og fjernsynsproduksjon. I «Hjem til jul» har han vore fotograf, men i andre produksjonar har han hatt øvste kunstnarlege ansvar som regissør. Mange tenkjer kanskje at den største delen av jobben i film- og fjernsynsproduksjon føregår under innspeling, men før ein kjem dit er det svært mykje som må vere på plass.
– Som fotograf startar eigentleg jobben når dei første utkasta til manus er på plass. Då byrjar ein å bryte det ned og sjå på kvar og korleis desse scenene kan filmast. Ein må skaffe seg oversikt, og så planleggje. Når det nærmar seg innspeling må ein vurdere å endre på ting i tilfelle planane ikkje stemmer overeins. Så set ein saman crew og team, og prøver å gjennomføre planen etter beste evne når ein er på opptak. Eg vil nesten seie at 90 prosent av filmen blir gjort i førebuingsprosessen.
Likevel må ein alltid vere klar for å endre planane. Det måtte dei, som tidlegare nemnt, gjere under innspelinga av «Hjem til jul» 3.
– At snøen forsvann for oss så brått blei ei kjempeutfordring. Heldigvis gjorde både produksjonen og lokale krefter ein enorm jobb for gjenskape julestemninga på Røros. Det blei henta store mengder snø inn til gata, og trakkemaskinene gjekk på høggir for å få tilbake «Hjem til jul»-settinga.
Ein draum
Det er regissør Per Olav Sørensen som har det øvste kunstnarlege ansvaret for serien. Hallgrim Haug fortel at samarbeidet med Sørensen har vore heilt framifrå heile vegen.
– Eg hadde vore fan av han i mange år, og det var på mange måtar surrealistisk å få jobbe med han den første sesongen. Det vart eit særdeles godt samarbeid, seier Haug.
I tillegg til «Hjem til jul» har Sørensen og Haug også jobba saman på fleire andre produksjonar.
– Det er veldig deilig å jobbe med ein du føler snakkar same språk, og som du føler du forstår kvar vil hen. Han er ein roleg regissør og kavar seg ikkje opp når mykje skjer. Per Olav er ekstremt flink til å behalde fokus, og det smittar over på oss andre òg.