nyhende
Normal drift for Buavåg-ferja
Sambandet mellom Buavåg og Langevåg opnar for normal drift klokka 13.30.
Tidlegare i dag meldte Fjord1 klokka 10.40 at ferjesambandet mellom Sveio og Bømlo er innstilt. Årsaka er ein teknisk feil, seier selskapet.
I 12.00-tida kom servicepersonell til ferja og byrja å utbetra feilen. Fjord1 kunnen ikkje seia noko konkret tidspunkt for når ferja kom i drift igjen, men venta at det ville skje i løpet av ettermiddagen.