nyhende
Noregspris har lønt seg nesten dagleg i Sør-Noreg
Sidan 1. oktober har straumprisane vore over noregsprisen på 50 øre i alt 27 av 31 dagar på Vestlandet og Sørlandet, og 25 dagar på Austlandet.
Dermed har det lønt seg å ha noregspris nesten kvar einaste dag i Sør-Noreg, skriv Nettavisen.
I dei to nordlegaste straumregionane derimot, er det ei anna historie. I NO3 (Midt-Noreg) har prisen berre vore over 50 øre åtte av 31 dagar, medan i Nord-Noreg har noregspris vore tapsprosjekt kvar einaste dag.
– Utover i november vil det bli lønnsamt i enkeltveker i Midt-Noreg, slik at det vil bli fokus der òg. Det er litt tidleg enno, men når vi kjem til vinteren vil det heilt klart bli interessant, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue.
Fram til og med 26. oktober var 1.074.808 straummålarar i Noreg tilknytt noregspris, 167.848 fritidsbustader.